Om ei vekes tid -  siste helga i juni – skal alt vere på plass og plassen kan ta mot  nye og gamle gjester. No skal det bli slutt på at dei som treng overnatting, må reise forbi  Urkebygda – eit ypperleg utgangspunkt for både fred, fjellturar og fiske. Norangsfjorden er suveren for kajakksport.


bilde 1

På nett har Kristin Bauer Urkegjerde lagt ut  nokre bilete frå startfasen. Her ser vi Kåre Jon Berg som med Brøyt har peila inn ”rullgardina” med store graner som hindrar utsikta mot aust.


Eigaren av campingplassen, Kjellfrid Prestegarden, har stilt området til disposisjon for bygda.  Urke Landhandel skal administrere utleige og bygdefolket har i fellesskap - nok ein gong – pussa opp dei åtte hyttene og sanitæranlegget med toalett og dusj.  Hyttene er stelte både innvendig og utvendig og i desse dagar vert siste målingsstrøket påført. Grøntområdet ved campingplassen vert stilt til disposisjon for telt, bobilar og campingvogner. 

 

Området er rydda for storvoksne oretre og graner. Ein vegg av kjempegraner i aust har sperra for utsikta framover Urkedalen og Urkedalstindane. Med motorsag og tungvekta Brøyt har karane sytt for å ryddinga  – mest som å rulle opp ein rullegardin.


bilde 4

Og resultatet ser vi har. Granene har gitt tapt mot overmakta og dei særmerka Urkedalstindane trer fram som ei altertavle, som ein uttrykte det, andre seier det minner om ein ulvekjeft.

 

Opppussinga går unna  i Urke Grendalag sin regi. Men Urke Landhandel har og ei hand med i arbeidet. Så reknar vi med at vi seinare får sjå det ferdige produktet – klargjort til trengande turistar.