Setrevandring.
Vi starta på Rekkedal som vanleg, og mange møtte opp til start.
Ein flokk på tretten var lettkledde og sporty i frisk start på Rekkedal.
Alvhild, Fred, kanutte, Marta, Lisa(bak), Kari, Linda, Marit, Ingvild, Helga, Bente og Rolf.
God fart oppover bakkane, hytta på Stablehaugen vart lettare å sjå no når skogen vart tynna.
Ungdommen fremst i full fart, Lisa, Marta, Kanutte og Fred.
Helga og Linda i godt prat.
Helga, Linda, Alvhild, Ingvild og Kanutte.
Flott rekke med friskusa.
Godt tempo , god varme og fager natur.
Dalen er opnare etter det har vorte rydda under linja.
God utsikt til andre sida , der vi snart skal gå nedatt.
Lunt og fint mellom granene.
Mist ikkje håpet, blåbæra blomstra rikt.
Alvhild med dokter Mo hytta i bakgrunnen.
Vakkert kneisar Jolhornet i bakgunnen.
Kollefjellet og heimste Tveradalen fristar på tur.
Molte i blomst og skrubbebær i blomst i hærleg blanding.
Siste stykket før Kvia.
Ruth, Marit og Irene, setretause i fin positur.
Irene og Ruth hadde starta litt før, så dei nådde vi att på Kvia.
Nokre fekk gnagesår av skona, her må det plaster til.
Setrestemning i kveldsol.
Turen vidare gjekk fyst over myra, som var lite våt.
So gjekk dei tre bukkane bruse over brua, Linda, Helga og Kanutte.
Passering forbi utedoet, så Risesetra neste.
Linda ved Pålselet som er hennar paradis.
Ingvild, Alvhild, Kanutte og Kari ved Simaselet som er Kari sitt.
Bente, Ruth og Eva framfor Lensmannsselet.
Marit, Rolf, Marta og Lisa framfor Peselet.
Fred og Helga ved Larsaselet.
Helga- kvifor går du på måndagstur?
-Eg synst det er kjekt, så må ein no halde seg i bevegelse og få litt trening då veit du.
Kvar går ferien i år?
-Vi skal bygge hytte på setra i sommar, so var vi på langtur i jula til mellom anna Antarktis, så det var vel ferie det og.
kva er yndlingsturen din av måndagsturane?
-Ikkje dei på grusveg iallefall, kansje Gunnar-råsa og Storenakken?
Ellers er her so mange fine turar at det står ikkje på muligheitene.
Å, takk og pris for det.
Før vi forlet Risestøylen må vatnet smakast på.
"Tissemannen" vert denne springvasstrålen kalla.
Små rumpetroll, små rumpetroll!
Her raste vegen ut og ny veg er laga, snart kjem toppdekket på og ein støttemur oppom, så held det nok nokre vassfløde og snøvintrar må me tru.
Styggebrauta er noke endra, ja.
Nede i Sledalsgardane studerer vi veggen på gamlestova, nokon som veit kor gammal denne tømra kan vere?
Ja, det står ikkje på å vere kyr når ein går til knes i frodigt grønt gras.
Vi hadde ein frodig, flott tur i eit varmt og godt vër.
Takk for laget.
Vel møtt til neste tur som er Gunnar-råsa og nedatt Storenakken.
Kommentarar