Tua på Hustadneset.

007

Mykje folk møtte opp i hamna på Hustadneset.

008

Arne Johan sto klar og ville vere med oss.

Det sette vi ekstra pris på, lokalgaid på ein slik flott dag, det var stor stas.

010

På rekkje og rad gjekk det, inni granskogen er råsa mjuk, og det vart raskt varmt.

011

Små stopp må vi ha, vi skal gå i eit jamt men ikkje så raskt tempo.

013

Når vi stoppar står vi langs råsa for det er nokså bratt på denne delen av turen.

014

Nedover skogen er det rett nedi fjorden,du ser det blå gjennom trea.

Godt vi har rås å gå på.

015

No dukkar Sæbøneset fram, og utsikta mot Sæbø dukkar snart opp.

016

Linda, Roy og Liv Grethe.

017018

Her er steinen med "trappetrinn" til kyrne som gjekk på denne råsa til beite, Raudkolla var nok litt av ein fjellklatrar.

019

Her ser vi Sæbø, for ein dag med flott utsikt.

020

Ann Helene, Jonny og Rolf nyt utsikta.

022

Etter ein liten stopp  går ferda vidare, no er det bortover ei stund.

023

Rotvelte og brotne tred er der rikeleg av, men ikkje i råsa.

026

Framme ved Lissjehaugen er der mange rotvelte, Arne Johan og Jonny ved ei av dei.

028

Flott gjeng ved Lissjehaugen.

Roy, Fred, Siw, Irene, Gunn, Rolf, Jonny, Marit, Bente, Anne Helene, Arne Johan, Bodil, Johanne, Kanutte, Linda og Liv Grethe.

029

Hilde balanserte på kanten av ei rot for å ta bilde, nesten like høgt som Slogen bak?

032

Granskogen er glissen av at det meste av trea vart øydelagde under orkanen, dette ser ein ikkje frå Sæbø.

033

Arne Johan fortel om almane som står nedi bratta her, der var reiret til ein hønsehauk eingong.

035

Rotvelte langs garden av graner som vart planta for at kyrne ikkje skulle gå seg utføre.

036

Aldri so gale at det ikkje er godt for noke, etter granene velta vart utsikta formidabel.

037

Vidare oppetter bratta, her vert det mykje blåbær.

038

Små stopp berre for å nyte utsikta.

041

Lita oppsamling før vi går vidare.

042

Siste bratta før mastene.

043

Snart oppe ved flottaste panoramautsikta.

045

Her oppe ved mastene ser vi innover Nordangsfjorden.

047

Utover mot Trandal.

049

Rett over Jonny er steinbruddet, snakk om å sjå heimatt.

051

Skåratausene kryp snart nedover mot Skår.

053

Arne Johan , han fortalde om ulike hendingar og merke på vegen opp.

Her er vi ved Lidagjølet og no vil vi høyre:

-Far min han Anders, hadde to drivhus på Hustadneset, vi hadde lite vatn, so han rodde båten inn til Gjølet, oppunder elva og fyllde båten med vatn slik at han sovidt flaut.

-Rodde så heimatt og bar vatnet oppatt i frå støda, til drivhusa.

-Eg huskar han la seg seint, han styra mykje med plantene sine, sto oppatt klokka seks og spikra kasser til å levere tomatar i, til gartnerhallen i ålesund.

- systrene hass far, dei vaska klede i Lidagjølet, dei vart rodd inn med kle, Kjel til å vaske dei i, såpe fyrstikker til bålet, og mat sjølvsagt, for dette tok ein heil dag.

Dei vaska og turka kleda. Ein gong dei hadde gløymt såpe, gjekk dei heile vegen tilbake til Hustadneset,og vart rodde innatt. Dei som vil kan gjerne prøve den bragda, å gå langs stranda der.

Kvar går ferien i sommar?

-Eg og kona har hatt ein fantastisk Hurtigrutetur langs kysten og opp til Nordkapp i flott vêr.

To dagar før vi kom til Nordkapp, snøva det så dei måtte brøyte, men då vi kom var det strålande sol.

Fantastisk tur med mykje å sjå, god mat og ei flott oppleving.

-vi skal også ein tur til Kreta på seinsommaren, det vert godt med sol, varme og bading.

Tusen takk for framifrå gaiding på turen Arne Johan og god tur til Kreta.

058

No er terrenget lettare å gå i, flott rås og ikkje bratt.

059

Her møtte me tre spreke jenter på nedoverveg, Amalie, Lisa Mari og Therese.

Flinke borneborn du har Alvhild.

060

Lang, lang rekke mot toppen.

061

Litt peiking og diskusjon om råsa til Saudedalen.

062

So var me der!

063

Mellom steinane låg Helga og vifta vekk fluge, ho hadde tjuvstarta.

064

Rett etter dukka Vidar opp, i godt tempo.

065

Linda og Liv Grethe skriv seg i boka.

066

Skydottane låg rundt toppane i fjella, men vi hadde full utsikt.

067

Litt å bite i, Kanutte og Ann Helene med "heimen" i ryggen.

068

Litt justering av antrekket, og litt prat.

069

Fellesbilde:

Vidar, Jonny, Arne Johan, Bodil, Johanne, Irene, Helga, Anne Helene, Gunn, Siw, Roy, Kanutte, Hilde, Rolf, Bente, Marit, Fred, Linda og Liv Grethe.

072

Sola glitrar i skyene framover mot Frølandsdalen.

073

På alle tuene sto folk og fotograferte, for ein dag å ta bilde på!

074

So bar det heimatt att, for ein flott tur, og for eit flott vêr.

Takk for laget alle saman.

Neste tur vert Olavshola/ Olavsdalen.

VEL MØTT!