Optimistar på hyttetur.

Tolv optimistar hadde ein plan, vi skal på ferietur!

Hytte vart bestillt, logistikken vart ordna, og detaljar kom på plass.

Kvar fekk sitt ansvar som skulle ordnast.

juni14 030

Mat og kle vart pakka, Haldis har full kontroll.

juni14 032

Bodil leigde I.L.bussen og var sjåfør.

Med tre rullestolar to rullatorar, seks pasientar og seks peiarar, tørrmat, kle og toalettsaker vart det eit bra flyttelass.

Gitar, spel og snop var sjølvsagt med, det einaste vi måtte sette att var Baldrian.

Han hadde lista seg inn i bilen men måtte berast innatt, han hadde vist leita etter oss.

juni14 035

Fyrste stopp var Hotell Union på Øye, der hadde vi bestillt kaffi og eplekake med is.

Johanne og Manuela, som dronningar i salongen.

juni14 036

Anna synest det var fint på dette hotellet, Haldis er sjølvsagt enig.

juni14 037

Marie vart glad når ho fann barnebarnet Eirin på hotellet.

juni14 040

Oddny kunne fortelje mykje om ei svunnen tid, om hotellet og historikk frå Øye.

juni14 041

Sylvi bestillte kakao, og sjå dei flotte koppane.

juni14 044

Brått kom tre damer syngande inn i salongen, bursdagssong og kake med lys.

juni14 045

Marie fekk servering frå sjølvaste hotelldirekrøren Mariann, som er Marie sitt barnebarn.

juni14 046

Marie hadde nettopp feira dag, derfor kake med lys og bursdagssong, stor stas.

juni14 053

To barnebarn på ein plass, og nydelig kake og kaffi i kongelege omgjevnadar, for ein start på ferien.

juni14 048

Oddny som dronning ved kaffibordet. 

juni14 049

Eit intimt og hyggeleg "te-selskap".

juni14 050

Dette var kjekt og fantastisk godt.

Anne Helene og Sylvi er enige om det.

juni14 051

Sjå berre små hjerta i vaniljesausen.

juni14 052

Etter ein biltur med mykje historie og vakker natur vart neste stopp Hellesylt.

Oddny og Ragnhild ved fossen.

juni14 054

Dagens tale ved Jørn, før vi får servert middag på kafeen ved fossen.

juni14 060

Gode veninner på tur, Ragnhild og Irene.

juni14 062

Dagens: Steikt torsk, poteter og nydlig hollandiesaus.

juni14 063

kjempegodt!

Bodil, Manuela, Oddny, Ragnhild, Irene,og Haldis.

juni14 064

Dei som ikkje ville ha fisk angra nok, ikkje fullt så fristande med løvbiff og chips.

juni14 073

Etter ei god matykt med kaffi attpå, var det ut i bilane att.

juni14 110

Der regnbogen går bak trea, og hestane ruslar på marka, for ein idyll!

Her fann vi hytta vår.

juni14 077

Romsleg og koselig, hyttemøblar og peis, kan det bli betre?

juni14 081

Bamseklem, Jørn og Ragnhild.

juni14 089

Etter kos og andre aktivitetar, nerma kvelden seg og kokkelering av kveldsmat måtte til.

Manuela, Irene og Jørn i full sving.

juni14 091

Andre song.

juni14 093

Nokre spelte.

Der bjørkana suuuusa, og alle gamle svisker, fleirstemmt og vakkert:)

juni14 095

Til slutt vart det kveldsmat, varme karbonadesmørbrød med mykje godt attåt.

juni14 096

Kjekt å sitte alle rundt bordet å ete i felleskap.

Vi åt leeeenge.

juni14 098

Gode og mette vart vi.

Vi hadde god tid, natten er ennu ung.

juni14 099

Liten luftetur på verandaen, Marie og Oddny.

juni14 086

So var det tid for ein liten skvett i glaset.

juni14 100

Liten kupjolter:)

Kvelden gjekk i sus og dus.

Nokre minner om damer i flagrende gevanter på nattetur, og andre ulumske sprell skal vi inte tala om for nogen!

Snart vart vi trøtte, og natt vart til dag.

juni14 112

Her er bordet dekka klart til frukost, fristande og klart til fest.

juni14 113

Gjengen var samla til frukost og klar for dagen klokka ni omtrent.

Slett ikkje verst når tolv skal dele eitt bad!

juni14 122

Etter ei stund måtte vi rydde oss ut av hytta og reise på heimveg.

juni14 123

Festing av rullestol er klarert.

juni14 124

Siste pakkenellik på plass.

juni14 131

Middag på Raftevoll Hotell neste.

juni14 136

Deilige kjøttkaker med ertestuing og brunesos, tyttebær, poteter og grønnsaker, nam....

Karamellpudding og kaffi etterpå.

Ja, vi veit å kose oss.

Det gjekk utrulig bra, vi hadde det kjempekjekt alle sammen, elleve "høner" og ein "hane".

Dette må vi gjere ommatt, kansje to neter neste gong? 

Eller syden?

juni14 139juni14 141

Siste stopp før heimveg var om Volda for å helse på lissjebarnet som vi er så glade i.

Vi eig litt i deg Bjørnar.

juni14 059

-og kalven uti hagan, har aldri hørt om frikasê- syng Prøysen

Vi gler oss over alle gode minna frå denne turen,

og kansje neste sommar so.....