Gunnar-råsa og Storenakken.

003

Som vanen er møtest vi i Fonnvernet, Gunnar var på plass og fleire kom til.

004

Rolf og Marit kom i siste lita, men vi hadde ikkje starta.

005

Ingvild var litt tidleg ute, så ho venta på  Hjertebenken og kom oss i møte.

006

Sjeldan har eg sett så mykje blomst på bjørnebæra, godt å sjå.

008

Eventyrskogen låg der med gapahuk som lokkar.

011

Bente og Rolf prøvde reiene, og det var kjekt.

013

Lite vatn i gamlebrynnen, ser ikkje heilt godt ut helder.

016

Vi hadde god fart, men med eitt sto Bernt Arve midt i mellom oss.

018

Små pauser på vegen gjennom granskogen.

019

Ved drikkesteinen var det berre dropar att, lite vatn i bekkane?

020

Bernt Arve var no plutselig fremst, og vi greidde ikkje å halde han att.

021

Litt prat og småpauser må vi ha.

023

Frøydis kviskrar ei hemligheit i øyra på skogstrollet.

025026

Rolf og Gunnar poserer ved skogstrollet, Gunnar fortel at her i denne ura kan du sjå mår.

Ikkje spekemår alså, men mår- i Mårura.

027

So om vi ut i lauvskogen og sola att.

029

Liten sess vart kort, flugene var svært ivrege.

030

Ja, for somme av oss rett traudige, dei likar ekstra godt klokker.

035

Gunnar har god fart, og vi hang på så godt vi kunne.

036

Her opnar utsikta seg raskt, no er det ikkje lenge att.

040

Marit og Rolf har fylgt eit gammalt godt råd, heng på deg ein bjørkekvist so vert flugene mindre intressert. Ja min santen, det virkar berre prøv sjølv.

041

Oppe ved steinen vert det drikkepause, litt smågodt å bite i.

043

Og litt fotografering, flott i sola.

049

So må Gtethe, Ingvild og sjølvsagt alle andre skrive i boka.

050

Smile til fotografen Frøydis.

052

Gunnar tek seg ei kvild i hengekøya.

Sidan vi no er i Gunnar-råsa-

Kvifor går du på måndagstur Gunnar?

- Jau det er kjekt, sosialt og triveleg.

Må spørje sidan vi er her, korleis kom du på å starte  å lage denne råsa?

-Eg går mykje på tur både sommar og vinter, og gjekk ofte oppetter granskogen her over Sæbø.

Ofte gjekk eg på Storenakken også, og når eg sto der tenkte eg på kor flott det hadde vore å gå ein rundtur og nedatt på Sæbø.

-Eg gjekk litt å prøvesåg litt på trasêen men der var mykje fonnskog i Skonndalen.

Så snakke eg med Jon Frøland som rådde meg til å halde meir mot storskogen og vekk frå Skonndalselva, og der var det flott å gå.

Litt etter litt vart det rås, eg sette pinna, rydda litt og råsa var klar i 2008, med offisiell åpning og det heile.

Så kom ei fonn vinteren 2009-10 og rydda minst to mål med bjørkaskog så utsikta vart formidabel, snakk om god hjelp frå naturen.

Ja no er dette det mest ettertrakta turistmålet på Sæbø, alle eg møter veit om Gunnar-råsa, kva seier du til det?

-Kan ikkje vere anna enn kjekt det, hadde aldri trudd det skulle bli så populært.

Det kjekkaste er når familar med små ungar går her, då tenkjer eg at det er bra på meir enn ein måte, for ungane kjem att, om ikkje når dei er små så seinare eingong.

Skal du ut å reise i sommar, kar går ferien i år?

Eg skal en tur, og det blir i Norge.:)

Takk for praten , og takk og pris for Gunnar-råsa.

054

Fellesbilde med blide sprekinga:

Frøydis, Rolf, Hilde, Marit, Grethe, Ingvild, Bente, Rolfen, Kari, Gunnar, Bernt Arve og Bodil.

056

Skonndalen neste, i elva er det friskt vatn, her må me drikke.

057

Godt prat om toppar og råsa til Dalegubben.

058

Tydelig og god rås, flott utsikt og blide folk.

063

Her kjem stråda ned i Knutsgjølet.

065

Her var flugene besetta, sjølv med bjørkakvist var eg eit attraktivt måltid.

066

Bente var og ille plaga, er det fordi vi startar på B eller smakar vi ekstra godt:).

Snakk om å vere omsverma! 

068

070

Ferda vidare går fyrst ned, så litt opp.                                                 

069

Jauda, blåbæra he laga seg til.

072

Rolfen og eit siste glimt av Skonndalen.

077

Alltid fantastisk utsikt frå Storenakken, verdt turen kvar einaste gong.

075

Etter ei kort stund starta flugene på oss, så det var berre å kome seg vidare.

Kari, Bernt Arve, Marit, Rolf, Hilde, Gunnar, Grethe, Rolfen og Ingvild.

079

Framifrå utsikt mot Bondalen frå korsabrua.

087

Siste bit ned vegen i Risebakkane, nedatt mot rundballeland.

089

Eg og Kari fekk hjelp av ein gridagut som ikkje hadde gløymt kunstane sine, det vart dårleg med kronestykkje men han fekk skryt i staden.

Flott tur, og kjekk gjeng.

Takk for laget.

Neste måndag vert det tur på Holesetra.

Av manga også kalla Thereseråsa.

Vi skal parkere å gå frå Holebrua, slik at vi møtest der og går samla.

Vel møtt!