Thereseråsa opp til Holesetra.

002

Mykje folk kom på parkeringsplassen ved Holebrua, vi velde å starte der, so fekk vi ekstra trim med å gå opp til Fremste Holen der råsa starta.

004005

Opp asfaltvegen forbi Holen sand, mot huset til Therese der ho og to andre sto klar til å vere med vidare på turen.

006

Grusvegen forbi gamlestova er nok den tyngste biten, men alle smilte og var blide.

007

Linda, Haldis, Therese, Grethe, Elisabeth, Wenche og Kanutte leda flokken.

008

Like bak kom Alvhild, Kari, Bente og Johanne.

Vi har no fått ei påminning om at vi bør roe ned tempoet, så eg lovar: no er det ingen fare, alle kan bli med på tur, vi går ikkje fort.

009

Ei lita orientering om Vetesteinen som ligg like nedanfor her, verdt eit besøk ein gong.

010

Då er alle klar for tur, spent på kva som ventar.

072

Ingen tvil, kvar går ferda?

071

Gamle murane til heimsetra og eit hjertelig merke som fortel du er på rett veg.

011

Monica ved eit hjerte i granskogen.

012

Små eventyrlege steinar dukkar opp her og der, dette friskar opp og gjer deg glad.

013

I Kongleskogen kan du treffe "gubben og gamla", litt i tvil kven som er kva,

du må spørje dei sjølv.

015

Trur gamla har fått blomsterkrans i håret, pynta seg til jonsok.

016

Liten stopp må til for å sjå på alle desse små kunstverka undervegs.

018

Trollsk stemning i granskogen, der er godt å gå med mjuk skogbotn.

017069

Ein flugesopp lyser opp, eller er det steinsopp? Gubben har tatt seg ein røyk.

019

Marius var oppmerksom og fann fargerike konglar i eit tre.

022068

021

Sjeldan er det vel slik ei folkevandring opp skogen på ein kvardag.

025

Blomstrande lykke i granene.

026

Haldis ser opp mot Årskogstøylen, her gjekk råsa frå Aklestad og opp i råsa til andre sida av elva, mot Årskogstøylen, Keipen, og Høgereset.

066

Fonna som gjekk for nokre år sidan skrubba berget fritt for tre og mold, såra syner godt enda.

027

Midt i tre og steinvaset fann vi eit par lamb som kosa seg, har den eine raudt band må tru?

028

Vidare opp, ikkje så bratt som mange andre stader her i dalen.

070029

Hjertelig veg, her har Mariell og Marius funne raude konglar.

031

Hengande fargerike konglar som lyser opp i den ellers så mørke granskogen.

034

På utsiktspunktet ser du allereide fjorden mellom trea.

033074

Therese og Nanuk, gode venner.

Therese, no lurer vi fælt på, korleis starta dette?

- Det starta eigentleg med ein slankekur!

-Eg gjekk opp og ned grusvegen, vidare oppover i skogen, der var attgrodd og ikkje kom eg ned same veg som eg gjekk opp alltid.

-Så etter eit halvårstid vart det meir ei rås som var lettare å gå, litt var gammal rås som var der frå før, litt vart til etter eg hadde trakka der so monge gonger.

-Etterkvart kom fleire til å gjekk på denne råsa, det ver dei  som kalla råsa for Thereseråsa, sidan det var eg som trakka den opp, slik starta dette.

Pynten då?

-Eg gjekk mykje her oppi skogane attmed bestemor mi Therese, ho lerte meg kreativiteten min, turglede og mykje anna.

-Trur nok ho hadde sett pris på desse fargerike steinane og konglane undervegs i skogen.

-Dette kan vere ein hyllest til henne.

-Håpet er at folk ver glade for det, eg vert det i allefall.

Kvifor går du tur?

-For å halde meg i form, det trengst!

Kvar går ferien i år?

- Til Spania, skal kose meg i sol og varme saman med famile, broren min, ja vi vert sju ungar og fem vaksne så vi skal kose oss.

God tur til deg og alle dine, og takk til deg for Thereseråsa.

035059

Mariell og Monica ser på utsikta, Mariell synest husa er små herifrå, flink turjente dette.

038

Ut av granskogen skin sola oss i møte.

040

Er vi verkeleg oppe alt, berre nokre meter att no.

Marit ser forbausa på furua rett oppom.

060

Bjøllesteinen, der ligg ei bjølle, kven vert fyrst opp for å ringe med bjølla?

Marius og Mariell vann.

044

Flokken samla seg rundt furua.

045

Her må vi drikke litt, litt å bite i, og jakkene må fram for no tok nordavinden godt.

048

Godt prat, og skriving i boka.

047

Ein hjerteleg plass å sitje, sitteunderlaget finn du i boksa. Mariell testar om det er godt å sitje på.

057

Flotte steinar som pyntar opp.

049

Heile flokken samla på eit fellesbilde: Haldis, Jorunn, Kari, Kanutte, Anette, Mariell, Ella, Nina,

Linda, Grethe, Alvhild, Elisabeth, Wenche, Nanuk, Ann Helene, Bodil, Ingvild, Fred, Helga,  Monica, Johanne, Marius, Bente, Marit og Therese.

058061

Anette med Mathias på magen, han gjekk ein enkel tur. No var det tid for å rusla heimatt.

054

Nokre skulle nå eit møte, andre ikkje.

073

Ein triveleg tur med mykje å glede seg over på vegen opp, og ned.

Neste måndag vert det ikkje tur då det er Jonsokafta, men vi tek turen på tirsdag i staden.

Då vert det tur til Tua på Hustadneset.

Vel møtt.