Gamlekyrkja frå 1584

Siste preika i gamlekyrkja vart halden 5. september 1880 og vart dei neste 2 vekene riven ned og auksjonert bort. Denne kyrkja hadde tent folket i Hjørundfjord i nær 300 år. Nyekyrkja vart teken i bruk neste helg.

Gamlekyrkja

Gamlekyrkja 1584-1880

Auksjonen førte til at sakristiet vart selt samla og det vart  "slengt med attpå handelen" ein trefigur som hadde vore plassert sentralt på kyrkjeveggen. Figuren var ein av dei tre som høyrde til i kalvariegruppa - ein skulpturell framstilling av korsfestinga med Jesus på korsen og Maria Møy og apostelen Johannes sørgjande på kvar si side av korsen.

Sakristiet hamna på Urke

Tømmeret i sakristiet hamna i Ramogarden på Ytre-Urke som stabbur etter auksjonen. Trefiguren av apostelen Johannes var "berre" ein gratisgjenstand attpå handelen og vart etter kvart brukt som leike av borna på garden. Minst tre generasjonar veit om denne dokka, som figuren vart kalla.

1973

Ragnar Standal, lokalhistorikaren framfor dei fleste, vitja Ramogarden i 1973 . I ein artikkel  Sunnmørsposten sitt julenummer det året, skildra han lagnaden om "Dokka på Ytre-Urke".

Rangar Standaal og brukaren av Ramogarden, Nils J. Urke, vart samde om at denne trefiguren burde høyre heime i kyrkja. Etter ei gransking ved Riksantikvaren si vestlandsavdeling i Bergen,  vart figuren lagt i safen i prestesakristiet i kyrkja.

Nils Urke i stabburdøra

Nils J. Urke viser fram "dokka". Nils sit her i døropninga som gjekk frå sakristiet til koret i gamlekyrkja. Dørbladet - samansett av to bord -  skal og finnast .(Etter foto frå 1973 i Sunnmørsposten.)

På veggen på nytt

Som avslutning av familiegudstenesta, 1. pinsedag, vart "dokka" på nytt hengt på kyrkjeveggen i Hjørundfjord kyrkje. Apostelen Johannes har no fått plass ved sida av det store kalvariemåleriet på vestveggen i kyrkja. At dette området og er ein del som vert nytta av borna under dei vanlege gudstenestene, kan og gi tankar om apostelen Johannes som i nær 100 år var leike for borna på Ytre-Urke.

IMGP8892

"Dokka" vert på nytt plassert på kyrkjeveggen etter å ha vore borte i 134 år.- For 430 år sidan vart figuren første gongen hengt opp på kyrkjeveggen i gamlekyrkja. 


Ringen slutta

Vi kan med dette seie at ringen er slutta når kalvariefiguren på nytt er komen på kyrkjeveggen. Det er ein god måte å ta vare på denne fantastisk gamle gjenstanden som kan vere frå då gamlekyrkja vart bygt - altså for 430 år sidan. Ein tekst som forklarar samanhengen, høyrer med.

Kva så?

Kanskje blir neste oppgåve - (for sogelaget ??) - å finne fram att det 430 år gamle tømmeret frå sakristiet i gamlekyrkja (7 x 7 1/2 alner) som skal finnast lagra i prestegardeløa. Det kunne kanskje finnast ein betre måte å ta vare på gjenstandar som skriv seg tilbake halvvegs mellom notid og vikingtida? Kanskje er det her dei ligg dei eldste gjenstandane som finst i Hjørundfjorden?