Hjørundfjordheimen på tunet.
Ein dag kom Jorunn på besøk og hadde med seg eit lite lamb som vi på Dalastova fekk helse på. Vi vart inviterte til å kome fram å helse på resten, og vi so gjorde.
Flaskelamb, du å du,mange gode minner kjem fram frå tider som var.
Med gode pledd og stolar sat vi ute i tunet og fekk studere lamma på nært hald.
Ragnhild, Anna, Johanne ,Manuela og Sylvi.
Arne trillar Sylvi litt nermare så ho får sjå på når lambet får flaske.
Ragnhild og Anna huskar godt korleis dei ordna med flaskelamma før, kjekke minner.
Oskar og Arne kosar seg som "drengar" for ein dag.
Nærkontakt med lammet er kjekt, kansje litt skeptisk i starten?
Johanne har betre erfaring med geiter, men huskar godt korleis lamma var og.
Betre å kjenne når ikkje synet er bra.
Sylvi er "byadame" men dette var stor stas, vi kunne gjerne hatt med oss denne nedatt på Dalastova.
Bodil måtte også helse på.
Rikeleg av skjønne pelskledde kosedottar her, vi treff dei vel att i fjella snart.
Marie dreg kjensel på bøttene med smokkar på, har nok styra endel med sauer og lam ja.
Oskar var svært glad for å få klappe på lamba, svære flokkar som vert flotte dyr til hausten.
Jorunn løfta opp og ordna så vi alle fekk klappe og styre med lamma.
Til sist eit bilde av Inga som fekk halde på dette vesle lammet.
Dette var som i gamle dagar.
Tusen takk for ei flott oppleving Jorunn, vi kan hende må fram fleire gonger, for dette gav meirsmak.
Kommentarar