Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Det vart nokre svært trivelege ettermiddagstimar på Sæbø då Veteranvognklubben Ørsta Volda arrangerte treff der i går, laurdag 10. mai.  Det var Sæbø grendelag som stod bak det praktiske under arrangementet og leiaren i laget, Øyvind Taklo, var svært godt nøgd med både publikumsframmøte og ikkje minst at det var mellom 30 og 40 køyrety som deltok.

20140510_141317 copy
Så mange som 30-40 bilar deltok på veteranvogntreffet på Sæbø sist
laurdag.
Foto: Øyvind Taklo.

Nilsbuda på Sæbø har enno ikkje opna dørene for sesongen 2014, men stilte likevel lokala til disposisjon laurdag slik at publikum også kunne få sitje inne når kaffi og kake skulle nytast.  Og Galleri Taklo med kunstnaren sjølv, Nils Taklo, hadde også opna dørene laurdag.  Også her kunne ein fæ kjøpe kake og kaffi i tillegg til måleri av Nils Taklo.

20140510_141408 copy 20140510_141209
Tre generasjonar  Olsen sette pris på kaffi , kaker - og brus,  ute.

Men ville du ha flotte måleri i tillegg, kunne
du få
 
kjøpe det inne på Galleri Taklo.  Bak
bordet: Karin Slettedal og Elisabeth Dimmen. 
Begge foto:  Øyvind Taklo.

På Sæbø var der bilar av alle slag, både amerikanske og europeiske.  Ein av bilane som vart spesielt lagt merke til, var bilen som 20 år gamle Susanne Olsen frå Volda køyrde.  Ho køyrde ein  Ford Fairline Victoria, 1955 modell.  Det er rett nok faren Oddbjørn Olsen som eig bilen, men Susanne gjorde slett ikkje skam på bilen og ho er ofte på ulike biltreff saman med faren, som denne gongen køyrde ein Oldsmobile.

Forden vart importert til Noreg av Braute på Sjøholt.  Braute arbeidde på 80-talet i Twin Peaks (ja, den skumle staden) i USA og oppdaga bilen fordi han brukte å køyre forbi der han budde.

Braute fann fram til eigaren og sa at han ville kjøpe den flotte bilen og etter kvart sa dåverande eigar ja til å selje. Og no har altså bilen hamna i Volda.  Bilen er vakker og velhalden, men ikkje restaurert.

Hus  bil taklo 018 copy
Susanne Olsen frå Volda stilte med ein Ford Fairline Vicoria frå Twin Peaks,
USA. Foto:  Knut Hustad

Øyvind Taklo seier at han på Sæbø grendelag sine vegner er svært så takksam for alle som stilte opp med kaker og anna kaffimat.  Og arrangementet gjekk også i pluss for grendelaget, heile 9000 kroner kom inn i kassa.

Nils Taklo  selde ikkje så mange måleri denne dagen, men mange møtte opp og fekk sjå vakker kunst frå den tidlegare ordføraren i Ørsta.  Er du interessert i å få sjå meir, er det berre å ta direkte kontakt med Nils Taklo.

Hus  bil taklo 025 copy
Nils Taklo stilte ut måleri både i eige galleri på kaihuset og i lokala til
Nilsbuda  på Sæbø under veteranvogntreffet. Foto: Knut Hustad.