Smurf

!!! SMURFANE KJEM !!! :-D

Det meste av programmet er på plass. Vi har satsa på familieunderhaldning ,aktivitet, musikk med meir. To hoppeslott for dei minste, vil nok bli populært. Smurfane  var  på topp for mange år sidan, men har igjen vakna til liv. Desse rare skapningane vert å treffe på sena, men også ute på stemneplassen under Hjørundfjorddagane. Generasjonskorpset i Bondalen  inntek senea laurdag. Namnet Generasjonskorpset har dei fått, då musikarane har svært spreidd alder På søndag vil Hornindal spelemannslagvere på plass med friske takter.

Hjørundfjordagane brukar å ha mange utstillarar. Til no har vi 30 påmelde. Fristen var fyrste mai, men det vil alltid dukke opp nokre etternølarar, og dei vil vi også prøve å få plass til. Hovudutstillar i år er fotograf Arnfinn Tønnesen frå Ålesund. Han har mange bilde å vise fram, der Hjørundfjorden, Ørsta og Volda er sterkt representert .Boklageret lager om eit klasserom til bokhandel, og her vert det mange bøker til redusert pris å få kjøpt. Det er uråd å nemne alt, men kle, handarbeid av ymse slag, spekemat, røykt laks, hudprodukt, maleri med meir vert å finne på ulike stand.

Der er lagt opp til ymse aktivitetat som pintball, rebusløp for barn ,lykkehjul med meir. Schetlandsponnyen «Caroline « er klar for ein tur med born.

Nemnda

Nemnda

Nokon i nemnda i arbeid fv.: Eldbjørg O. Tvergrov, Åse-Lill Leknes Kvistad og Gunnhild Hustadnes Myrhol.