Frølandsetra.
Syklar og bilar måtte sirleg parkerast når så mange skulle vere med på tur, Kjell var grei og vi fekk tilvist gode parkeringsplassar til alle.
Håkon var i toppform og sprang i forvegen, bak kom flokken.
Litt skarp vind var det, så jakker var godt å ha.
Vidare oppover frå "Tuftene" ,Håkon spring framleis.
"Slik var det å vere ung og sprek",- kom ein kommentar.
Grønt og frodig i Frølandsdalen alereide.
Marit, Jorunn, Lars og Roy i fremste rekkje.
Strakst var "karane" Roy, Lars og Fred i full fart framover, kansje dei tok for mykje møllers tran?
Vi andre kom etter, Håkon på utkikk på ein stolpe ved ledet, Siw i full fres med stavar.
På brua måtte vi ha eit oppsamlingsstopp og eit fellesbilde, 22 personar i fin positur.
Fred, Vidar, Håkon, Roy, Lars, Kari, Marit, Bente, Haldis, Siw, Helga, Bodil, Marit, Anne Helene, Alvhild, Jorunn, Grethe, Tiril, Irene, Ingeborg, Lisa og Linda.
På heimsetra var velkomstkommiteen klar til å ta imot oss.
Då vi runda svingen, så vart dei litt skeptiske over antalet, vi var ein flokk vi og.
Lisa og Ingeborg, to kjekke sprekinga som alltid er smilande og positive.
Kvifor går dokke på måndagstur?
I-Fordi det er kjekt, sosialt, dessuten måtte ej vere med sa Lisa:)
L-Det er nå kjekt, og god trim.
Kva seier kjærestane til at dokke går på fjelltur?
-Det skal du ikkje bry deg med he he...
Kvar går ferien i år?
I- til syden!
L- veit ikke om eg skal på ferie i år.
Vart litt tullete spørsmål av meg men jentene vil oppmode alle på same alder å gå tur i lag med oss "gamlingane" det er faktisk kjekt - seier dei, og smiler.
Håkon, Lisa og Ingeborg ved Frølanstrollet.
Flokken strena vidare mot målet.
Stopp, før Håkon skulle finne stien til Setra der vegen tek slutt.
Jublande flokk i flott natur, ein vert bli av å gå på tur!
Knuskande tørt i råsa, det er sjelden her i Frølandsdalen, skikkeleg fint å gå.
Endeleg framme på Setra, flott støyl å samlast på.
Folksamt og triveleg.
Folksamt og triveleg her også.
I boka på Setra ligg eit bilde frå 20 åra, med tekst som forklarar.
Kjempekjekt å finne , kansje ein finn kjentfolk på bildet, triveleg å sjå.
Husk å ta godt vare på det å legg på plass om du tek turen inn for å sjå.
Skriving i boka, boksa heng øverst på selveggen bak Håkon som skriv,
Helga, Kari, Bente og Irene.
Fred, Alvhild, Marit, Jorunn, Haldis, Anne Helene, Siw og Roy.
Lars, Bodil og Vidar, heldige meg!!!
Ja, ja, alt har ein ende men pølsa har to.
Heimvegen gjekk raskt, dei fyrste ser du heilt framme ved huset. Tenk atter ein gong fekk vi finevër og opphald, kan det vere den nye trenden i år kansje?
Vi får sjå, neste tur er Rekkedalsetra over til Risesetra med oppmøte og start på Rekkedal.
Vel møtt!
Kommentarar