Vi får ikkje vite

med NRK noko om innhaldet i dei komande sendingane. Men det er ofte at eit utdrag vert lagt ut på lokalsendinga i same veka som det kjem på programposten "Norge Rundt" på fredagskvelden. Programminnslaget er ca. 4 minutt.

"På liksom opphenging "

er det som kjem fram i sendinga på TV. Den verkelege "overleveringa" og opphenginga skal foregå på slutten av gudstenesta 1. pinsedag.  Då skal det bli rom for å få fram reisa denne trefiguren har vore gjennom. Nokre kjenner innhaldet frå før, men kanskje det tolest med ein liten repetisjon og?

Hjørundfjorddagane er lagde til pinsehelga og det vert truleg folkesamt på Sæbø den helga.

Kirst og Erna

Desse to, Kirsti (tv) og Erna, voks opp i Ramogarden på Urke og hadde "dokka" som leike medan dei var små. I fjor sommar fekk dei sjå ho att etter at ho hadde vore borte i 40 år. Dei fleste av desse åra låg ho i ei skuff i prestesakristiet. Før det var ho nokre år i Bergen Museum.