Dinglavatnet og Vardehornet.

Vi kjøyrde øvst i Brattebergfeltet og starta ved pumpestasjonen der.

071

Fjorten sprekinga vart med i dag, Alvhild, Kari, Elisabeth, Manuela, Marit, Rolf, Bente, Siw, Roy, Hilde, Haldis, Helga, Jorunn og Bodil.

072

Starten gjekk rett over elva og rett opp!

073

Fyrste kneika var den brattaste, så pulsen kom kjapt i tempo.

075077

Små stopp på vegen opp bratta, vi må få att pusten.

Voldingane er flinke å trimme, ser vi på råsa er den svært mykje brukt, godt nedtrakka.

079

Snart var vi oppe på grusvegen, der var utsikta upåklagelig, vi ser like til Folkestad.

080

Då er det strake vegen mot Dinglavatnet og demninga.

081

Jorunn ser lengtande mot skitrekket på Reset (i himmelsjå)

skal tru om ho saknar skiføret?

082

Her poserer Roy, Jorunn og Siw, med Hestehornet midt mellom damene,

der vert neste måndagstur.

083

Ved demninga vart det skriving i turboka.

085

Med islagt vatn frista det ikkje så mykje med bading. Dette er forresten ikkje lov helder, det står i reglane, klart og tydeleg.

084

Det som ikkje er klart og tydeleg er underskrifta, men pytt.

086

Vidare gjekk turen bortetter ryggen mot Vardehornet, flott utsikt heile vegen.

087

Finstudering av Hovdebygda, Lidaveten og Liadalsnipa.

094

Lite gruppebilde med Melshornet i bakgrunnen.

095

God rås, tørt og greitt heile vegen.

096

"Vakre kroppar mellom kvite toppar"

098

Ved Vardehornet var det å skrive i boka, det ordna Rolf.

101

Fellesbilde mot Volda.

Flott utsikt i alle retningar, ikkje rart her var varde.

Rotevatnet og Voldsfjorden i bakgrunnen , Rotsethornet med melisdryss.

104

Vi skråa tilbake mot grusvegen og gjekk råsa tilbake til starten.

Då vi hadde 20 meter att kom regndropane, snakk om perfekt timing.

Flott tur, til å anbefale for ALLE.

Neste måndag vert det tur til Hestehornet, ta kontakt eller møt opp i Sæbø sentrum for samkjøyring. (kl 1730)

Vi kjøyrer opp bomvegen til Krøvelssetra og startar frå setra kl 1800.

Litt vått terreng spesiellt i starten så hugs gode sko.

VEL MØTT!