Det går mot sommar, og allereie i morgon, onsdag 28. mai klokka 0930, opnar bakar Dagfinn (Daffa) Strand bakeriet og Kanutte (Nutte) Strand er klar i butikken og kafeen til Strands bakeri ved den nye ferjekaia på Sæbø.

Kafe, dugnad sæbø 010 copy

Kanutte (Nutte) er klar bak disken i bakeriutsalet og kafeen i morgon,
onsdag 28. mai klokka 0930.

I butikken får vi sjølvsagt kjøpt tradisjonelle bakarvarer som brød, bollar, rundstykker, skulebollar og alt det andre.  I tillegg kan vi få kjøpt wienerbrød, eplekake, fyrstekake, dei kjende kjeksa og mykje meir som er godt til kaffien.  Hjørundfjordbrøda, Ørstabrøda og alt det andre er like sjølvsagt steikt i steinomnen.

No er ferjekaia ny og ferdig.  Utsikta mot Norangsfjorden og Slogen er slik som ho alltid har vore og du kan nyte kaffien og det andre ute eller inne.

Opningstider:

Måndag til fredag:  Klokka 0930 -1630

Laurdagar: Klokka 0930 - 1500

I tillegg vil bakeriet halde ope på Kristi himmelfartsdag, dvs. torsdag 29.mai frå klokka 1000 - 1600.

Fyrste og andre pinsedag vil også bakeriet vere ope frå 1000 - 1600.  Frå slutten av juni vil bakeriet vere ope på alle søndagar framover.

Nutte og Daffa ynskjer alle gamle og nye kundar velkomne.

Vil du ha kaffi ute?  Gjer som kundane under.

Kafe, dugnad sæbø 008 copy