100 år, ein verdig alder.
Stor stas og nesten ikkje til å tru at kongen har sendt telegram, seier Anna og vert overraska når Bente opnar konvolutten.
Fleire feira dag i vår, og vi gler oss over alle uansett alder.
Kakene er i alle fall fristande.
Påske og feiring med festpynta bord.
Haldis brettar serviettar til påskebordet.
Reidar blomstrar i lag med påskeblomane.
Manuela er ferdig utdanna, eksamen bestått og vi GRATULERER.
Dette vert feira av alle i pausa, med is og kaffi.
Manuela er glad det er over og endelig ferdig.
Ein dag kom denne pakken på døra til Hjørundfjordheimen.
Flott premie frå Agria dyreforsikring, hua litt stor til Baldrian, men vi skal nok få bruk for den og alt anna flott vi fekk.
Ryggsekk, to koppar to hue, eit års abonnement på Hestesport, og valfrie varer frå norsk kennel klubb. I tillegg 5000,- til klinikken til Siv Lødemel. HURRA
Og katten sjølv merkar ingen forskjel, ler Marie.
Svelesteiking og kos i kvardagen.
Else, Anna, Solveig, Anne Helene og Solveig.
Ute i solveggen smilar Petra, Anna og Reidun.
Torill og Inga ordnar hårsveisen til helgedagane.
Nytt dekke på platten ute gjer det fristande å sitte i sola.
Margit, Jofrid, Sigrunn, Solveig, Karen, Odny og Karen.
Grethe og Sigrunn.
Stor stas på Hjørundfjordheimen:
Jørn på besøk med vesle Bjørnar.
Alle på Dalastova eig litt i denne babyen, vi har venta soooo lenge.
Hmm.... noken som har kasta god mat her?
Kjære Margrethe som kjem og ordnar hår til alle på Hjørundfjordheimen, vi er so glade vi har deg.
Ikkje berre er det lettvint og greit, men ingen er so flink til å ordne permanentane som du- tusen takk.
Anna har fått ordna permanent til 17 Mai, bli og fornøgd.
Solstrålane varmar godt i vårvêret.
Audun, Solveig, Petra, Arne og Reidun.
Etter harde natterov på vift ute på "byyn", finn Baldrian det godt å kvile i ledige sengar om dagen.
Vi ligg ikkje på latsida, nei no er det - ut på tur aldri sur, og vi håper på fint vårvêr vidare. Gler oss til 17 Mai.
Kommentarar