Strikkekafèen har no vore i drift i 8 år. Kvar onsdag i vinterhalvåret samlast kjekke damer over handarbeid, god prat og god mat. Aldersskilnad på meir enn 40 år frå den yngste til den eldste er inga hindring for å ha det kjekt i lag med denne livlege gjengen.
Høgdepunktet om våren er blåturen som vert arrangert siste onsdagen før palmehelga.
Samtidig er det vemodig, då alle veit at blåturen set sluttstrek for inneverande sesong.
I år vart det blåtur på ein tirsdag.
8. april kl. 16.48 (!) hadde Jostein Kvistad rigga klar Ingvild-bussen og 35 glade damer gjekk ombord.
Det mangla ikkje teoriar om kvar ferda skulle ende og alternativa vart eliminert vekk etter kvart som vi tok til venstre etter Høgebrua og til venstre i rundkøyringa i Ørsta.
Men då Jostein køyrde forbi fergekaia i Volda og endåtil tok til venstre i rundkøyringa oppe i Volda, då var damene like vise.
Jostein-luringen tok oss med opp på baksida av sjukehuset og meinte det kunne vere greit for damene å sjå kvar psykiatrisk avdeling ligg...
Hauk og latter og så sette han kursen ned igjen til fergekaia.
Flotte, blide damer i bussen på ferga til Folkestad. Framleis spente på kva Ingvild Åmbakk og Ann-Helene Urkegjerde hadde funne på til oss denne gongen.
Og på ferga traff vi kaptein Ollen (Ole Johan Riise) frå Sæbø. Inga sak når lokale heltar passar på at vi kjem oss trygt fram.
Etter ferga gjekk turen gjennom Stigedalen til Nordfjordeid og Nordfjord hotell. Og Jostein tar omsyn til passasjerane sine og køyrer så nær inngangen som mogleg.
Flotte lokaler på Nordfjord hotell og damene lurer på kva som står på menyen.
Kyllingfilet fylt med dadlar og brie, servert med gulrot, brokkoli, søtpotet og potetmos.
Nydeleg godt. Karamellpudding og kaffi til dessert for dei som hadde plass til meir.
Men Ingvild og Ann-Helene brukar ikkje å nøye seg med eit godt måltid når vi er på tur.
Etter maten tok vi beina fatt og spaserte ned mot busshaldeplassen på Nordfjordeid.
Og der, like ovafor haldeplassen, ligg eit eldorado for strikkeglade damer:
Eid Miljø garn- og vevstove
Innehavar Reidun Marie Strand tok i mot oss og fortalde litt om butikken ho driv. Her satsar ho på kvalitetsprodukt og nyt godt av den auka interessa for strikking og hekling.
Kjempestort lokale med tråd og fargar i alle variantar.
Ikkje berre tråd...
Glaskunst og mykje flott å sjå på, eller kjøpe med seg heim...
Mønsterhefter og bøker med inspirasjon
Knappar og tråd i vakre fargar. Her finn du alt du treng til handarbeidet ditt.
Men kjekke stunder må avsluttast og Jostein veit å seie frå når klokka går og kviletida nærmar seg. Handleposar og damer fann tilbake til bussen. Heimturen gjekk gjennom Hornindal, på Kvivsvegen og over Krøvelseidet og midt oppi Hoggabakkane vart det plutseleg full guffe på stereoanlegget med "jag trodde ãnglarna fanst..." Stemninga på topp til siste slutt.
Takk for laget damer!
Takk for turen Jostein !
Og tusen takk til Ann-Helene og Ingvild som sender oss på slike kjekke turar :)
Kommentarar