Det såg ei stund faretruande ut for påskesesongen,  butikksjef Kanutte(Nutte) Strand var nemleg uheldig og braut arma tidlegare i vinter, men no  går alt rette vegen og no fredag, fredag den 4. april klokka 1000 opnar igjen dørene til Strands bakeri ved ferjekaia på Sæbø.

014_copy1

Butikk- og kafesjef  Nutte v/Strands bakeri på Sæbø er i fin form igjen etter
armbrotet
og fredag 4. april klokka 10 kan ho igjen tilby ferske bakervareri i
butikken på Sæbø

Mannen i bakeriet, Dagfinn(Daffa) Strand, har igjen fått opp temperaturen i steinomnen og lovar at alle dei kjende brødsortane skal vere på plass i butikken på opningsdagen.  Det er Ørstabrødet og Hjørundfjordbrødet som er dei mest kjende, men han har fleire sortar i tillegg.  I tillegg vil der vere nesten alt mogleg anna - også dei store skulebollane.

Opningstidene på kvardagane vert frå klokka 1000 - 1630.  Laurdagane er opningstida frå klokka 0930 - 1500.

Men i tillegg vil bakeriet og kafeen vere open Skjærtorsdag, Langfredag i tillegg til 1. og 2. påskedag.  Desse helgedagane vil opningstidene vere frå klokka 1000 - 1600.

Nutte og Daffa ynskjer alle tidlegare kundar og nye kundar hjarteleg velkomne til ein handel i butikken eller t.d. til ein kopp kaffe og eit Wienerbrød mens ein ventar på ferja eller berre vil slappe av åleine eller saman med kjende.