Leknesnakken 526 m.o.h.
Som start på sesongen i år som ellers, tek vi tre turar utanom vanleg rute.
Fyrste tur var Leknesnakken.
Litt frisk vind bles det på Lekneset då vi kom i land frå ferga.
Siw, Monica, Kari, Hilde, Haldis, Oddhild, Janneche og Helga.
"Fiskestykkjet" som denne breen vert kalla av somme, er eit sikkert vêrteikn for folket på Lekneset har eg fått høyre, nokon som kan fortelje meir om dette?
Litt skodde trua frå fjorden, men opplett og litt vind var greit å gå i.
Berre litt opp i høgda stilna vinden og det vart så varmt at vi kunne kaste jakkene.
For å vere sikker på råsa, vart turen testa ut i forrige veke.
Då vikla eg raud ulltråd på stadar der råsa var lite synleg eller svinga frå hjortetråkket.
Her finn eg henrykt ein raud ulltråd, sving her!
Krokete tred og mosekledde steinar, trollsk og flott turterreng å gå i.
Liten kvild medan vi tek bilde kan trengast, bak ser vi Skår.
Fantastiske store furutred, på fjorden ser vi ferga.
Ein kjem raskt opp i høgda.
Her finn Hilde ein raud tråd, jau vi er på rett veg.
Nok ein tråd, jau råsa fann vi, og no er det forsiktig raudmerka til neste gong.
Janneche og Oddhild i høgt tempo.
Små pauser må til i høgda, idyllisk og frodigt.
Liljekonvallen var snart klar til blomstring.
Litt meir vind når vi nerma oss høgda, men klatringa gjekk fint.
Siste bratta i urda før det flata ut mot toppen, snakk om fjellgjeiter.
Her openberra seg ein utsikt mot Sæbø som er fantastisk.
Kari og Helga klartar opp siste strekket i urda.
Eg og Oddhild smiler til fotografen :)
Her er hytta som eingong stod oppreist og fin.
Nermare beskriving av denne hytta finn du her på portalen dersom du søkjer.
No er det reine "stovegolvet" å gå siste strekket mot toppen.
Utsikta utover fjorden er flott, mot Sæbø og Bondalen er flott, og innover Nordangsfjorden, og like til Viddal kan ein sjå.
Alt like flott- for ein utsikt!
Små fjellkausar som sjuler små hjortespa og fine teltplassar dukkar opp på vegen mot toppen.
Her oppe var lyngen brunbrendt, blåbær og røsslyng alt like brunt.
På toppen tjukna det til og regnet og vinden vart sterkare i "rykkja"
Fellesbilde måtte vi likevel ha.
No kom skodda også så då vart vi einige omå gå nedatt Leknesdalen då råsa er tydlegare der.
Litt lenger veg men mindre bratt og godt synleg, det gjekk kjapt nedover mot Urke.
Spennande om vi nådde ferga, men Oddhild sprang i forvegen og kunne hente bil om vi trengde.
På Urkestranda blomstrar Hegga allereide.
Litt vel eksotiske blomster i grøftekanten her, men det er vel klimaet?
Vi kom oss nedatt i god tid til ferga, Takk likevel Oddhild for fantastisk sørvis.
Betre å gå og halde varmen enn sitte å vente på ferga og fryse.
Flott rundtur!
Takk for laget.
Neste måndag vert det Dinglavatnet og kansje Vardehornet vi skal besøke.
Vi startar frå parkeringa ved pumpehuset øverst i Heltne/Brattebergfeltet kl 1800.
Samkjøyrer frå Sæbø sentrum kl 1730.
Vel møtt!
Kommentarar