Komande skuleår har Sæbø skule om lag 85 elevar og 15 tilsette. Ørsta kommune har prioritert administrasjonsressursen ved skulane, og ved Sæbø skule er denne 120 % fordelt på rektor og undervisningsinspektør. I tillegg har skulen merkantil ressurs på 50 %. 

Ørsta kommune søkjer etter ein rektor som:
- har gode leiar- og samarbeidsevner
- er kreativ og tek initiativ til pedagogisk utviklingsarbeid
- er engasjert og har evne til å inspirere andre
- er systematisk og har føresetnader for god resurs- og økonomistyring
- har pedagogisk utdanning og praksis frå skuleverket
Det er ynskjeleg med formell utdanning/røynsle innan administrasjon og leiing.

Heile stillingsannonsa finn DU her:
http://www.orsta.kommune.no/modules/position.aspx?ObjectType=Position&Position.ID=1468&Category.ID=717

Og søknadskjema til Ørsta kommune finn DU her:
https://kommune24-7.no/1520/bruker?retur=%2f1520%2f703102&shortname=703102

IMG_0770
Elevar i valfaggruppa "frisk og rask" på sjøen og fiskar.

Hjørundfjorden og Sæbø er inne i ein god og positiv "stim". Her er eit yrandes liv med mange aktive frivillige organisasjonar, noko som gir eit tilbod til alle og ein kvar.
Gjennom Sæbø idrettslag sine tilbod kan DU vere med på småbarnstrim, barneidrett/ idrettskule, fotball, handball, zumba, aerobic, ballspel for vaksne, sirkeltrening og organiserte fjellturar i regi av trimgruppa. Våren 2015 startar ein å bygge kunstgrasbane.
Bondalen frilynde ungdomslag arrangere ungdomskveldar, dataparty, diskotek, karneval og juleverkstad, dei har og ei teatergruppe som øver program til den tradisjonelle julefesten 3. juledag.
Vi har også vårt eige korps med ein dyktig dirigent som spelar flott musikk i bygda både på nasjonaldagen, ved julegrantenning, julemarknad og elles der dei vert bedne om å opptre.
bedehuset er det strikkekafè kvar onsdag frå tidleg haust til vårsola blenkjer.Der er også bibeltimar og temakveldar.
Sæbø har eit grendalag som jobbar aktivt for at det skal vere kjekt å bu i bygda vår, siste store prosjektet deira er bygging av ei stor grindaløde på Kapteinskvia, i desse dager er det tak over den store flotte grillen som er under bygging. Dette har blitt ein fin samlingsplass for både bygdefolk og tilreisande.
Bondalen helselag arrangere blandt anna basar og kafè på Hjørundfjordheimen. Dei gir også ei gåve til alle nyfødde i bygda og til tilflyttarar.
Elles så er her kulturvernlag, sogelag, grendahus, bankfilial, sesong ope bakeri, post i butikk, 2 butikkar, legekontor, alders-/ sjukeheim, kyrkje, barnehage, hotell, campingplassar, galleri med meir.

Følgjer du denne lenkja http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=4122
finn du ein flott artikkel om livet på Sæbø.

Vi ventar i spenning på om DU er den nye rektoren på Sæbø skule.