Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad.

Untitled_Panorama1
Kjerringøyra, eit fjell du bør satse på om du likar lange fjellskiturar i variert
terreng
med god utsikt.

Vi startar med konklusjonen:  Meiner du som denne skrivaren at ein fjelltur skal vere oppoverbakke heilt til turen endar i ein nokonlunde spiss topp og at det tross alt er nedkøyringa som er viktigast med turen, ja, du finn du deg ein annan topp enn Kjerringøyra.  Men det er fleire variantar også her...

Skiboka Skiturar i Sunnmørsalpane v/Hagen og Standal, tilrår turstart på Kvistad, gå etter kvart innover  Kvamsedalsfjellet i vel 800 meters høgde og frå kanten av Kvamsedalen må du nokre høgdemeter ned i dalen før du skråar oppover til venstre-/mot aust i retning Kjerringøyra.

Eg ville vere klokare og satsa dermed på å gå oppover renna frå nordenden av det inste av fjellvatna på Kvamsedalsfjellet. Dette for å sleppe å renne ned i Kvamsedalen før oppstigninga.   Som tenkt så gjort.

Kjerringøyra pluss 068 copy Kjerringøyra pluss 019 copy
I staden for å gå heile vegen opp etter renna, kan
du første delen gå etter ryggen til venstre-/
på nordsida.  Renna er ca. 40 grader bratt.
Når snøforholda var som denne dagen, kan snørenna også gje ei fin nedkøyring. Dukhornet
bak til venstre.

Kjerringøyra pluss 011 copy Kjerringøyra pluss 021 copy
Er det selfie det heiter? Ser du til høgre straks du kjem opp renna, er
det 
dette synet du møter.  Vi skimtar også Jakta og Horningdalsrokken.

Straks du kjem opp renna ligg Maratinden og Kjerringøyra til høgre.  Søre Skårtind til venstre - knappe to hundre høgdemeter oppover i  skiterreng.  No når skiutstyret til dei fleste er så godt, kan turen opp renna eg gjekk og vidare til Søre Skårtind absolutt anbefalast.  Og tek du same vegen ned att, vil du også få ei flott nedkøyring.

Men eg skulle altså til Kjerringøyra.

Først måtte eg renne nokre høgdemeter nedover før eg gjekk til topps på Maratinden.  Tind?  Toppen er omtrent flat, men utsikta er god.

Kjerringøyra pluss 026 copy
Utsikta frå Maratinden er av det betre slaget, men ver obs på skavlen.

Eg gjekk no vidare sørover mot Kjerringøyra, men "gropa" mellom dei to fjella var djupare enn eg hadde rekna med.  Eg måtte vidare nedover, over 100 høgdemeter, før toppstøyten mot Kjerringøyra kunne starte - først litt brattare, så slakt mot toppen.

Planen var at eg skulle ende opp på Otolhornet, men då måtte eg ha gått ytterlegare eit par hundre høgdemeter nedover før eg kunne starte turen  oppover mot den toppen og det orka eg ikkje.  På og av med skifellar langt på dag er ikkje mi greie.

Også toppområdet av Kjerringøyra er stort og flatt og utsikta god.  Under legg eg ved nokre foto.

Kjerringøyra pluss 052 copy Kjerringøyra pluss 058 copy
Finnes og Bjørke Leira

Kjerringøyra pluss 061 copy
Viddal.  Vi kan sjå ein liten flik av fjorden.

Nedkøyringa:

Planen min var å gå same vegen ned som opp, det vil i hovudsak seie renne ned att renna eg gjekk opp.  Men då måtte eg på med fellane ein gong til.  Eg rann difør vestsida ned i Kvamsedalen.  Det var aldelses glimrande i starten, men der sola hadde fått godt tak var det uråd å køyre/renne utan å løyse ut våt snø.  Men ein fin vinterdag er det nok fint her sjølv om ein må gå nokre titals høgdemeter opp på Kvamsedalsfjelelt igjen frå Kvamsedalen.

Men avslutningsvis vil eg igjen slå eit slag for ein vårskitur til Søre Skårtind frå Kvamsedalsfjellet for dei som likar skikøyring i litt tøffare terreng/renne.  Og som den nemnde skiboka tilrår:  Ein tur ned til skår frå dette området er eit ypperleg alternativ - i alle fall når det er meir snø i fjellet enn i skrivande stund.

Kjerringøyra pluss 067 copy
Raud strek startar der renna kjem opp til Sanden, som dette området heiter,
og
som endar opp på Søre Skårtind.  Skårasalen til høgre.

Og så seier eg meg svært lei for at det viktigaste manglar på ein fjellreportasje; foto av herleg skikøyring....