Frå søndag 6. til tirsdag 8. april vil 40 000 bøssebærarar i heile landet samle inn pengar til kirkens nødhjelp. Hos oss er det konfirmantar og ungdomsskuleelevar som vil gå med bøsse. Det er viktig å ta godt imot desse når dei kjem på døra.

Sjølv om ein ikkje har kontantar, er det og mogleg å gje eit bidrag på sms ved å skrive GAVE til 2468, då gjev ein automatisk 200,-. Ein kan og sette inn pengar på kirkens nødhjelp gåvekonto nr 1594.22.87248.

Kirkens nødhjelp er dei norske kyrkjene sin eigen hjelpeorganisasjon, og er høgt profesjonelle på det dei driv med.

Ein gong i året får vi være med på å ta eit krafttak for fattige i verda. Gå inn her for meir informasjon: http://fasteaksjonen.no

Sokneprest Espen Aarseth

Konfirmantar 2014
Desse ungdommane er konfirmantar i år, og vil i lag med elevar frå
ungdomsskulen kome rundt på dørene til folk med bøsse.

Fv:Lisa Marie Follestad, Otilie Elena Klokk, Bernhard Øye Pedersen,
Alexander Heggen og Ingeborg Holen.