Hjørundfjordagane vert i år 7. og 8. juni på Sæbø. Vi har det meste på plass, men nokre programpostar venter vi svar på. Det vi kan røpe så langt er "Smurfane" ved Norges største leverandør av lisensert Barne og Familieunderhalding begge dagar. Spelemannslaget frå Hondalen på søndag.

Arnold Hustad fortel om flyslaget i Hjørundfjord og syner fram bilde og gjenstandar  ein til fleire gonger i eit klasserom for dei som er interesserte.  Hovudutstillar i år er Arnfinn Tønnesen, som stiller ut fotografi, der mange av motiva er frå  våre kjende fjell og fjordar. Andre utstillarar vert det også. Brito Spekemat var den som melde seg på aller fyrst .Han har vore på plass på Hjørundfjorddagane i mange år.

Vi får besøk av ein gut, som vil vise oss kva ein kan få til med ein jo-jo.

To hoppeslott vert å finne på stemneplassen. Schetlans- ponnyen  Caroline, er klar for å ta barn med på  ein tur. Det vert mange aktivitetar som rebusløp ,pintball med meir.

Kyrkjekonsert på pinesafta vert det ikkje i år. Grendalaget lager til familiesamling på Kapteinskvia Pinsebrisingen vert tent, slik tradisjonen er. Søndag  vert det familiegudsteneste kl. 11.00 ved sokneprest Aarset. Der vil tredokka frå Urke få ein sentral plass. Pinsedag om kvelden, har vi planer om å få til ei musikalsk samling i kyrkja.

 

Helsing

Eldbjørg O. Tvergrov

Leiar