Hjørundfjorddagane er verkeleg noko som set Hjørundfjorden i sentrum, og der alle stiller opp og tek i eit tak. Dette vert lagt merke til andre stader og er noko vi kan vere stolte av.

Hjørundfjorddagane er ei inntektskjelde for Sæbø idrettslag, men 20%  av overskotet går til andre lag i Hjørundfjorden.

Vi voner at Hjørundfjordingane også i år viser velvilje og hjelper til i årets dugnad!

Nemnda arbeider vidare med arbeidslistene etter same mønster som før og kjem i stor grad til å nytte namn på arbeidslister frå tidligare år. Dessverre så minkar folketalet og det vert vanskelegare å få fylt alle postane.

Ei vakt er ca 3 timar og du slepp inngangspengar den dagen du har vakt. Alle som står for klargjering og nedrigging av dagane slepp også inn ein dag gratis.

 Det er svært viktig at nemnda får tilbakemelding:

  • Om du ikkje har høve til å hjelpe til ein spesiell dag eller tid.
  • Om du gjerne vil gjere noko anna enn du har gjort før.
  • Om du kan ta ei vakt begge dagane, eller evt. fleire vakter same dag.
  • Om det er fleire år sidan du stod på lista og kan tenkje deg å hjelpe oss.

TA KONTAKT MED :

Gunnhild Hustadnes Myrhol: SMS 915 69 697  eller

Åse Lill Leknes Kvistad: SMS 976 58 702 eller

e-post arbeidsliste@hjorundfjorddagane.no

Vi vil gjerne ha tilbakemelding innan 1. mai 2014.

Dersom vi ikkje får tilbakemelding innan fristen, går vi ut frå at du kan hjelpe til og vi plasserer deg på listene der du fortrinnsvis har vore før. Vi må likevel få lov til å flytte litt att og fram, for å få det heile til å gå opp.

DERSOM DU VIL HJELPE TIL OG IKKJE HAR VORE MED FØR, TA KONTAKT!

Veit du om nokon  som bur andre stader og vil hjelpe til, så er vi svært glade for all hjelp!

Helsing

Sæbø IL

Nemnda for Hjørundfjorddagane 2014 / Arbeidslisteansvarlege

Gunnhild Hustadnes Myrhol og Åse Lill Leknes Kvistad