1. Mai nærmar seg med stormskritt, og det er igjen frist for å søke om plass til kulturskulen. Vi håpar at mange har lyst å søkje på plass til hausten. 

Når du tek til på kulturskulen vert ein fyrst aspirant og får opplæring i minimum eitt år. Der lærer du notar og får spele på eit instrument og allereie i Desember fyrste året får du vere med å spele på korpset sin julemarknad. Dersom mange nok søkjer (over 3 stk) kan det vere moglegheit for å få lærar hit til Sæbø. Dersom ikkje vil undervisninga føregå på Kulturskulen i Ørsta eller så kan Dalane også vere eit alternativ. 

I 2009 fekk Sæbø skulekorps 25 000,- kr i prosjektmidlar frå Sparebank1 Volda/Ørsta.  Desse er øyremerkt til aspirantopplæring. Korpset har framleis midlar igjen. Dette fungerer slik at aspirantane må sjølve betale kulturskulen, men vil få tilbake heile beløpet frå korpset etter at det fyrste året er fullført med aktiv deltaking i undervisninga. Dei låner instrument frå korpset og må til gjengjeld hjelpe til med gevinstar, kaker og liknande når korpset arrangerer ca to arrangement i året.

instrumenter

Etter eitt til to år med undervisning er du det ein kallar junioraspirant. Då skal du har lært så mykje at du kan ta del i korpset sine øvingar, og vi vil ta godt i mot deg og hjelpe deg dersom du synest det kan vere vanskeleg. 

Søknad kan du sende direkte til kulturskulen. Skjema finn du på kulturskulen si heimeside. Aldersgrense for å søkje er 2. klasse ifrå hausten av.

Torsdag kveld møtast heile korpset til øving mellom kl. 19 og 21 på Bondalen grendahus. Då kan den som vil ta turen for å sjå om dette kan vere noko ein har lyst å vere med på. Der kan ein òg få prøve ulike instrument. 

Vi vil gjerne at du skal bli en del av det fine miljøet i korpset vårt!


mørenyttbilde

(Foto: Ingvil Runde)


Kvart år viser korpset seg fram ved mange forskjellige anledningar.

Dette er til dømes på basarar rundt om i bygda eller nabobygder, deltaking på gudstenester, julekonsert i kyrkja, lysmesse og julemarknad, korpsseminar, og ikkje minst på nasjonaldagen. Vi spelar musikk i mange ulike sjangrar :)

Dersom du har spelt eit instrument tidlegare eller ynskjer å byrje i korpset når du er eldre, vil du sjølvsagt få eit opplegg som gjer at du snarast mogleg kan spele med nokon på din eigen alder og ditt eige nivå.

Uansett om du er barn eller vaksen så vil vi gjerne høre frå deg!

Har du spørsmål, eller vil du bli musikant? Kontakt gjerne korpsleiar og dirigent Oddhild Kalvatn.



CDGoymedKorps 

Velkomen skal du vere til Sæbø skulekorps/generasjonskorps!