Påska stend for tur og fredag er den store påsketrafikken igong og påskegjestar leitar seg opp i bygd og by. Sæbø er er også godt i gong for å ta imot påskebesøkjande.

Dugnadsånda er ein eigenskap som vi er stolte av i Hjørundfjorden, og på Sæbø er den ikkje noke mindre enn andre plassar i fjorden.

Bakeriet er påskeopna og på onsdag 16.04 kl 16-19 og torsdag 17.04( skjærtorsdag) KL 12.00 til 17.00 er det ope påskekafè på Bedehuset. Langfredag startar påskerebusen. Har du behov for å handle held butikkane opne til 19 i sjølve påska.

cimg98482
Jostein Koppen stiller fjerde året på rad og
lagar brennsnut på Sæbø bedehus.

Skjærtorsdag den 17.april  er det både aktivitet i kyrkja og på Bedehuset. Dagen starta kl.11.00 med gudsteneste, ved sokneprest Espen Årseth. Det vert nattverd og offeret går til Stefanusalliansen.

Etter høgtidstunda i kyrkja er det anledning å kjøpe seg middag på Bedehuset. Det er styret i bedehuset som står føre dette tradisjonstilbodet og Jostein Koppen står ansvarleg på kjøkkenet, dette året også, med  sin velsmakande spesial brensnut. Dette tilbodet, der ein kan få servering og møtast, reknar inivativtakarane skal slå an til dei mange som er heime og på besøk i påska. Etter varmmaten, vert det servert kaffi og kaker av beste sort og her er det damene på strikkekafèen som er ansvarlege for servering og tillaginga. Overskotet av denne kafèdrifta skal gå til innkjøp av nye vinduer i Bedehuset.

Kafeen stenger kl.19.00 på onsdag og Skjærtorsdag kl.17.00 for at det skal verte eit opphald mellom 17.00- og 20.00 slik folk kan få ei pause for å gjere seg klar til konsert i kyrkja kl.20.00 med Venche Leite.

Hjørundfjord sokneråd har lenge hatt eit ynskje om å bruke kyrkja meir til konsertbruk. Skjærtorsdag er ein fin dag til slike arrangement og rådet gjev kyrkja til disposisjon for Venche Leite.

1001942_10152269883933503_1488720122850707004_n

Venche Leite  lover ein stemningsfull konsert i ei vakker kyrkje!

Dei siste åra har Venche Leite sunge mykje i kyrkjene i Ørsta & Volda kommune. Ho vert ofta nytta som solist i vigsler og gravferder, men gjer også minikonsertar med ulike tema.  Både i sorg og glede oppnår ein gjennom musikk ei kontakt med andre som er heilt unik.  

Konserten i Hjørundfjord kyrkje vil vere ein variert og personleg konsert.
Den har fått namnet "Tru, von & kjærleik" fordi dette er tema som går igjen i songtekstane.
For Venche er det viktig å sette saman eit repertoire med den rette stemninga. Det vert framført kjende songar i gammal og ny drakt, viser, salmar, roots og popmusikk der tekst og melodi har gjort inntrykk på Venche, ofte fordi dei knyttar seg til einskilde hendingar eller personar. Håpet er å få dele denne kjensla med publikum.

Musikarane er Mads Adrian Simonsen: gitar, Leiv Arne Nydal: Fiolin og Levi-André Leite: bass.
Dette er kreative menneske som alle er med på å sette sitt personlege preg på konserten.

Vi ynskjer velkomne til ein kyrkjekonsert der folk kan få sette seg ned og nyte vakker musikk i ein hektisk kvardag.

Hjørundfjord Sokneråd ynskjer alle velkomne til ein flott konsert i kyrkja Skjærtorsdag kl.20.00

10154117_10152326515541427_4509774516769717329_n