Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Jau, dugnadsgjengen på Kapteinskvia er nok klar over at også 2. påskedag er raud dag på kalendaren og  fridag.  Men pådrivarane, Øyvind Taklo og Lars Vatne Nielsen meiner at bygget over den nye grillen på fritidsområdet på Kapteinskvia på Sæbø må vere ferdig til grillsesongen startar for fullt, så derfor må det dugnad til også på ein fridag.

Kafe, dugnad sæbø 015 copy Kafe, dugnad sæbø 024 copy
Rolf Egil Riise, Jon Arne Årseth, Ole Johan Riise
Øyvind Taklo og Lars Vatne Nielsen, var dugnadsgjeng på 2. påskedag.
Utsikta kan ingen klage på.


Vêret  i formiddagstimane 2. påskedag synte seg frå si beste side og utsikta kunne det heller ikkje klagast på så derfor var dugnadsgjengen i godt humør.  Og alle desse karane har delteke på mange dugnadar før, m.a. har dei vore med på å bygd den populære ”Kapteinsløa” som også ligg på Kapteinskvia. Mens ”Kapteinsløa” vart bygd som ei grindaløe, vert huset over grillen bygd  i same stilen, men likevel i ein forenkla variant.

Kafe, dugnad sæbø 012 copy
Godt humør er på plass.

Kafe, dugnad sæbø 028 Kafe, dugnad sæbø 026 copy
Her er det Ole Johan Riise (Ollen) som tek
kommandoen.
Her ser vi den populære Kapteinsløa til
venstre, grillbuda til høgre.

Kapteinskvia på Sæbø ligg ved badestranda  i Sandvika der vegen ut til Sæbøneset tek til.  Og spesielt etter at grindaløda kom på plass, har området vorte eit svært populært både for tilreisande og fastbuande.  Sagafjord hotell brukar også området ved ulike høve.  Og no vert altså bygget dover grillen ferdig.  Dermed treng ingen verte våte sjølv om grillsesongane framover skulle bli aldri så våte. Og Øyvind Taklo er framleis sikker:

-        Sæbø er ei perle på Sunnmøre.