No må vi kalle på Terje Kjøde og Målauget!  ”Møre-Nytt” har innført ein skrivemåte av orda grendalag og grendahus som verkar så framand i min dialekt. Kanskje er det eit rettingsprogram som les grendelag og grendehus automatisk?

Ser du etter i ordlista, kan ein og lett forstå det slik at orda skal ha -e- mellom orddelane.   Men er det så sikkert at ordlista har rett?

Skil nynorskordlista mellom grendelag (eit område) og grendalag (organisasjon)? Hokjønnsordet grend skal bøyast etter regelen om –a i bunden for eintal.

I min seiemåte er det skilnad på grendelag - som eit område - og som grendalag - som ein organisasjon. Set ein t.d. Urke framom grendalag, skal det skrivast slik organisasjonen har valt å skrive namnet.

takdugnad[1]

Bondalen Grendahus sitt "varemerke".

Ivar Aasen ”Norsk Ordbog” forklarar grend som 1) nabolag og 2) en Rekke af gaarde, et Bygdelag. Aasen  har fleire døme på samansette ord som innleier med grend- ; grendarfolk, grendarlag (selskab af Nabofolk).

Bondalen Grendahus og Urke Grendahus har valt a-en mellom grend og hus. Namnet på organisasjonen Urke Grendalag har og valt  –a-.  Men kvifor må ein i tekstene lese ”grendelaget” og ”grendehuset”?

Logo Urke Grendalag

 Urke Grendalag sin logo

Her er det nokon som – etter mitt syn – feiltolkar ordlista si skriveform som skal dekkje grendehus (fleire hus i grenda) og grendelag (eit område med hus i ei grend). Forsamlingshuset i ei grend skal skrivast grendahus, slik eg ser det. Det same gjeld organisasjonsnamnet som eg vil hevde skal skrivast grendalag.

I min talemåte er grendelag og grendehus noko anna enn eit grendahus (forsamlingshuset til grendalaget) og eit grendalag (organisasjonen).  Kanskje kan "Møre-Nytt" oppklare saka neste gong Terje Kjøde slepp til med sitt "Målauge"?