Inspirasjonskveld!

Hjørundfjorden har i siste tida opplevd at fleire vil flytte tilbake hit, mange vel denne staden som si nye heimbygd.

Oppsving på aktivitetar og dugnad, mange sterke og engasjerte folk som bidreg til ei optimisme og eit godt fellesskap i bygda.

Kan vi trenge ein inspirasjonskveld, vi som mest er verdensmeistrar på dugnad og fellesskap?

Vi kan nok heile tida forbetre oss, samman er vi sterke veit vi.

Difor vil vi at DU tek deg ein tur på klubbhuset søndag 27 april kl 1900.

Lars Nielsen set fokus på det gode bygdelivet og vil inspirere og motivere oss til eit betre samhald til det beste for oss sjølve og kvarandre.

Sverre Hjelmeland vil presentere Norgesguidene.

Det vert enkel servering.

Helsing Sæbø grendalag og trimgruppa i Sæbø i.l.

VEL MØTT!