Kan du hjelpe oss i Trimgruppa å finne rett namn?
Heiter staden der furua står for Blåbærhaugen, Brendemarka eller skal det vere noke anna.
Kva meiner du denne staden heiter?
Vi vil gjerne høyre di meining.
Helsing Trimgruppa.
Holesætra,Furua. (01.05.2014 kl. 10:35)
Det er uten tvil ei sak som mange har meiningar om.BRA. Dei gamle nemningane er i ferd med å verte gløymde. Det er vel snart på tide å take vare på både Holesætra ,Dørhammarane,Kråhammarshola og fleire slike stader for ettertida,sjølv om dei i dag har mindre praktisk betydning.Før var det viktig i kvardagen med desse nemningane med omsyn til beitedyr.Kansje ei oppgåve for t.d.sogelaget å få det registrert og innplotta på panoramafoto e.l.for ettertida? Er kansje litt utanfor råsa no, men hadde lyst til å nemna det likevel. Trimposten står ved Fura på Holesætra.
ole arne aklestad
Opp på Holesætra. (30.04.2014 kl. 22:50)
Det synes som om denne namnesaka er i ferd med å "lande", og det på ein bra måte. Når Holefolket seier Sætra må det tilleggast stor vekt. Som nabo til Holen har vi på Aklestad (Nygård) alltid både høyrt ordet og brukt ordet Holesætra om denne staden. Personleg har eg ingen særlege planar om å endre på det!
Blåbærhaugen er i dag dekt av tjukk granskog, og det er slett ikkje råd å finne den i terrenget utifrå blåbærforekomstane. Der er ikkje lenger eitt einaste blåbær å finne! Dagens rås frå Holen og ut i dalen går rett over haugen, og eit gamalt løypestrengfeste er det mest handfaste merket som lokaliserer staden.
Sigve Aklestad
Bra Ole Arne (30.04.2014 kl. 15:05)
Sakeleg og gode argument er viktige i slike namndiskusjonar. Der er mykje å ta fatt i med sætrehistoria frå Aklestad. Trur mykje av desse plassane her og der, kjem frå den "lille istid" i slutten av 1700-talet, då dei måtte flytte frå dei høgtliggande sætrane fordi det vart for kaldt.
Aklestad hadde sætreplass ovanfor Åmyra. Også i dag er det brukt namnet "Selfarbakken" To brauter som gjekk oppå Åmyrneset, og vart vekk etter grustaket, var kalla "Aklestadbrauta"
Er der ikkje ein plass på Årset også som har namn etter seg frå Aklestad?
Og til slutt er det vel heller ikkje heilt klart kva namnet Aklestad kjem av, så her er viktigt at folk diskuterea og kjem med det som dei hugsar har vore sagt.
Ivar Svein Mo
(29.04.2014 kl. 11:25)
Kolbein har heilt rett i plassering av Sætra ovanfor Blåbærhaugen. Området vart i tidligare tider mykje brukt til skiutfart også. Det var den tida me trakka slalomløypa sjølve. Mindre vegitasjon då enn det er i dag. Området oppom furua var det som vart brukt.Korleis nemninga Sætra er komen veit eg ikkje,men før var det eit godt beiteområde. Den opprinnelege drifteråsa til Nøvedalen ligg også forbi furua,og kjem att ved Urselet.I mi tid har OPP MED FURA vorte brukt som nemning. Då viste alle kvar det var.
ole arne aklestad
Tusen takk! (24.04.2014 kl. 10:08)
Takk for god hjelp og faktaopplysingar.
Vi i trimgruppa skal nok ordne dette på ein best mulig måte.
Vi vil oppfordre alle til å ta ein tur opp til denne furua, ein snerten tur for ein fin utsikt.
Tekta i boka vert retta etterkvart:)
Bodil Skare
(24.04.2014 kl. 09:10)
Det er folket som eig marka som veit kva staden heiter og ikkje utanforstående. Sætra og Blåbærhaugen er to forskjellige stader.
Anne Elise Holen Lid
Blåbærhaugen (24.04.2014 kl. 07:32)
Det kan nok hende at det heilt lokalt heiter det Sætra, men for oss har det alltid heitt Blåbærhaugen. Så vidt eg veit lærde me det av folk frå Heimste Holen. Seier ein Sætra, kan det vere kvar som helst. Men bruk Blåbærhaugen, så veit ein kvar det er.
Men når det er sagt, så er eg viss på at det vert spetakkel om slikt.
Knut Riise
(22.04.2014 kl. 22:22)
Blåbærhaugen er longt lenger nede, den er der som råsa deler seg .ei ut i Dalen og ei opp på Sætra.
Anne Elise Holen Lid
(22.04.2014 kl. 22:15)
Kolbein seier det heiter Sætra ,der fura står.
Anne Elise Holen Lid