Søndag 30.mars kl. 14. vart det halde årsmøte i Hjørundfjord Sogelag. Ein del folk hadde møtt fram og Kari Årsnes ynskte velkomen. Det formelle gjekk greit, med godkjenning av innkalling og årsmelding. Rekneskapet vart opplese og det er ingen grunn til å bekymre seg for økonomien for det nye styret. Økonomien er god og solid, og det er årboka som kjem ut i slutten av november som gjev den gode økonomien i laget.

Medlemstalet har halde seg godt kvart år og er i år som tidlegare år, og laget tel 184 medlemmar. Styret har vore leia av Kari Årsnes dei siste åra, og det har vore eit godt samarbeid i styret.

Ei stor og viktig sak som styret og årsmøte brukte tid på, er å få på plass ein ny redaktør etter at Jarle Walseth har gitt tilbakemelding om at han ikkje tek på seg oppgåva fleire år. Han har vore redaktør sidan 1982, og no er tida inne for å gje stafettpinnen vidare til yngre folk, men kven? Dette har ikkje styret fått avklart ennå, og det vart vedteke av årsmøte, at styret i laget skal kalle inn skriftstyret for å sette igong søk etter ein ny redaktør. Det vart framheva på årsmøte at boka til laget er den mest innarbeidde boka på Sunnmøre og ein mal og eit flaggskip for andre lag. Ein ny redaktør må være på plass innan juni for å sikre ein god bok i år også. Årsmøtet vedtok også og auke prisen på komande bok.

Dei gamle husa ved Tussefossen, Tingstova/Tuestova, var også oppe som sak. Dei er no i svært dårleg stand og grunneigaren ber no sogelaget om hjelp. Årsmøte hadde ein diskusjon om denne saka og konkluderte at dette var ei sak for kulturvernlaget og skulle sogelaget inn, så måtte det være i form av ei økonomisk hjelp.


Alexander-Riise-Olsen-for-web

Alexander Riise Olsen går på som ny leiar i Hjørundfjord Sogelag. Ilag med seg får han to unge til i styret, Jørund Standal og Maria Nikkinen Rørstad.foto Per Urke


Så var det årsmøteval. I det sitjande styret har Kari Årsnes vore leiar. Ilag med seg har ho hatt: Bertha Saure, Elling Kvistad, Alexander Riise Olsen, John Urkegjerde, Jon Arne Årseth og Helge L. Urke. Vara har vore. Oddbjørg Tvergrov, Bodil Standal, Asbjørn Urkegjerde og Perry Bjørke. Revisor Anne Karin Kvistad og utsending til Bondalen Grendahus, John Urkegjerde.

Valnemnda som besto av Helga Riise, Kjell Bjørke og Helge Nordang la fram følgande forslag som årsmøte slutta seg til: Ny leiar Alexander Riise Olsen, Jørund Standal, Maria Nikkinen Rørstad, Elling Kvistad, John Urkegjerde, John Arne Årseth og Helge L. Urke. Maria går inn i styret etter at Bertha Saure har søkt fritak for det siste året og Jørund Standal tek plassen til Alexander R. Olsen som rykker opp til til leiar.

Tilslutt var det orientering om arbeidet til fotonemnda av leiar Per Urke før blomsterutdeling og takk til avtroppande styreleiar Kari og styremedlem Bertha.