Vi er ei bygd i vekst. Satsing på turisme gjennom 62% Nord, vi har fått tilbake vårt fantastiske Hotel Sagafjord, vi har lokale bedrifter vi set stor pris på, og Hurtigruta har endeleg forstått at vi har landets vakraste fjord! Dette gir bygda arbeidsplassar og økonomiske ringverknadar.

Folketalet har dei siste åra auka og nye familiar har flytta til bygda. Vi er ei lita bygd, men vi har stor optimisme og stå-på-haldning. Ein av dei viktigaste aktørane i bygdeutvikling og trivsel i bygda, er Idrettslaget. Med omlag 350 medlemmar, er vi det største frivillige laget i bygda, der fotballen er den største undergruppa.

Vi har både gute- og jentelag i aldersbestemte nivå, samt eit A-lag med nærare 30 aktive fotballspelarar. Dei yngste bornekulla i bygda er store, og det gir godt grunnlag for god rekrutering og eit berekraftig medlemstal for fotballen. Dermed vil fotballgruppa etablere ei kunstgrasbane på grusbana vi allereie har. Dette vil gi ei god ramme for aktivitet, spesielt om våren og hausten då banetilhøva ofte er dårlege.

Ei kunstgrasbane på Sæbø er viktig for fotballen, men like viktig er den for bygdeutviklinga. Den vil bli ein møteplass ikkje bere for borna, men også for foreldre og andre frivillige hjelparar, samt den vil gi Sæbø barne- og ungdomskule ei større aktivitetsramme. Trivsel, aktivitet og samhald er stikkord som står høgt i Sæbø IL, og ved utbygging av ei kunstgrasbane vil vi byggje vidare på dette.

Eit av tiltaka vi er godt i gong med, er som kjent sal av andelar. Planen er å saumfare heile bygda å gi alle moglegheita til å støtte oss. Vi har kome godt igong med dette, og responsen har vore god! 

Vi sikta høgt då vi satte oss eit mål for kor mykje vi skulle klare å samle inn, og vi er på god vei å klare målet. Vi har gått frå dør til dør, og har stortsett blitt møtt med optimisme, givarglede og positive tilbakemeldingar. Etter at vi no har fått klarsignal, er neste fase å sende ut faktura til dykk som har sagt dykk villige til å støtte oss. 

Vi vil og synleggjere samarbeidspartnarar og sponsorar. Eit av tiltaka for dette er skiltreklame, der det vil bli moglegheit for å kjøpe plass til reklameskilt. Eit bidrag frå bedrifter som ynskjer å assosiere seg med idrett og eit levande bygdesamfunn, vil vere til stor hjelp! 

Dersom dykk ikkje har fått tilbod til å støtte oss gjennom eit partsbrev, og ynskjer det, ta kontakt med ein av kontaktpersonane i prosjektgruppa. 

Dette gjeld og dersom du eller nokon du kjenner, har ei bedrift som kunne tenkje seg å bruke oss som samarbeidspartnar for å synleggjere seg gjennom skiltreklame. 

Ikkje nøl med å ta kontakt for ein hyggjeleg prat.

Kontaktpersonar: 

Stig Harald Myklebust 95 84 07 26

Øyvind Taklo 47 75 97 89

Tommy R. Olsen 48 17 84 37

Kristoffer Valseth 93 87 78 55

Med beste helsing

Prosjektgruppa for kunstgrasbane på Sæbø

.