Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

I går, tysdag 18. februar var det ikkje så mykje snø nede på Flatneset, men snødjupna vaks raskt på veg oppover mot Sæbønestua.  Difor vart det ein tung tur oppover mot toppen - med tungt fotoutstyr for 17 år gamle Erlend Hustad Honningdalsnes, underteikna sin svært så fotointeresserte nevø.

Sæbønestua 004 copy Sæbønestua 007 copy
Erlend H. Honningdalsnes på veg oppover mot
Sæbønestua
Erlend er her iferd med å rigge opp utstyret. Sæbønestua skal få sin første (?) timelapse.

- Timelapse? Kva er no det?  Du har sikkert sett dei - dei korte filmsnuttane sett saman av mange foto.  Trass sin unge alder, har Erlend H. Honningdsalsnes halde på med dette ei god stund allereie. Filmsnutten under med utsikt innover Hjørundfjorden, er sett saman av ca. 260 foto.  Og fotoapperatet er rigga opp på ei skinne slik at det bevegar seg litt sidelangs mellom kvart foto.  Men no er det på tide vi får sjå resultatet - klikk på linken under.  Legg merke til m.a. ferja på fjorden, skyer over Skårasalen og skuggen på fjellsidene:

https://vimeo.com/87126121


Men når han først var her oppe, ville Erlend lage ein timelapse til.  Det nyleg vinterklatra Holmshornet, med trimpostkassa i framgrunnen, kunne kanskje vere eit godt motiv?

Sæbønestua 010 copy
Timelapsfotograf Erlend Hustad
Honningdalsnes

Sæbønestua 016 copy Sæbønestua 027 copy
Erlend på jakt etter nye motiv.  Som vi ser, var
det
mykje nysnø, ca. 45 cm, på Sæbønestua tysdag.
Utsikt innover Hjørundfjorden

Klikk på linken under så får du sett Holmshotnet m.m.

https://vimeo.com/87126123

Så var jobben gjort for denne gang - berre turen ned att stod att.

Knut Hjørundfjorden
Ein tur på Sæbønestua er ikkje å forakte, sjølv i djup snø utan ski. 
Foto:  Erlend
Hustad Honningdalsnes.