KLIKK PÅ BILETA FOR Å SJÅ DEI I STØRRE FORMAT

slogens55b

Den svake, kvite streken syner den originale Slogen frå fjorden-ruta frå sommaren 1903, og det var også denne ruta vi følgde på det vi trur er det første vinterklivet. Foto er teke av Helge Standal (copyright) og henta frå boka "Tindekliv på Sunnmøre" (s. 55).  

 

Første freistnad gjorde Åsmund Vaage og underteikna i januar 2012, men då bomma vi kraftig på innsteget opp frå Armstrong-Vigdal-renna og klatra vekk timane i nokre flogbratte hamrar før vi gjorde vendreis.

 

Slogen II 006

Frå første freistnad, på veg opp det som skulle syne seg å vere feil gjel. Det å kunne gå feil, er i grunnen eit privilegium. I Alpane er nesten alle ruteval overtydelege av prefiksa boltar og spor frå tidlegare klatrarar. I Sunnmørsalpane lyt ein sjølv finne vegen. Biletet under syner friskt pågangsmot, men den ovbratte veggen på biletet nedanfor stogga vår første freistnad.

Slogen II 007 

 

Det same klatrelaget gjorde neste freistnad i mars same året, og no hadde vi sett oss betre inn i originalruta. Først bratt, men lett klivring med stegjarn og isøks opp til Armstrong-Vigdal-gjelet.

Slogen II 001

Alpinstart med hovudlykter i mørkret må til dersom det skal vere von om klatre Slogen frå fjorden med relativt lette sekker på ein dag, slik vi prøvde på dei to første gongene.

 

Slogen II 002


På veg opp veggen vest for den store fossen som stuper ut av Armstrong-Vigdal-gjelet og vidare ned mot fjorden, om lag ved steinen Lisje-Slogen, like vest for Hotel Union på Øye.

 

Komne opp i gjelet, følgde vi dette eit par hundre høgdmeter oppover, til vi fann vi det rette innsteget til veggen som skulle føre oss opp på egga. Ifølgje ruteskildringane frå tidlegare sommarkliv, skulle denne veggen vere det vanskelegaste på heile turen, og pga. is- og snøtilhøve valde vi jamvel ei endå brattare rute opp på egga enn førstebestigarane, noko som baud på store utfordringar.

 

Slogen II 014

 

Slogen II 015

Slogen II 016

Dei tre bileta ovanfor syner bratt, krevjande og til dels teknisk klatring opp veggen.

 

Opp kom vi no oss likevel, men då var klokka allereie to på ettermiddagen, og etter eit par taulengders klatring på ryggen, med berre få timar att med dagslys til 600 attståande høgdemeter med klatring, valde vi nok ein gong å snu. Av og til "sigrar" fjellet.

Slogen II 004

Biletet syner lettare klatring på ryggen, like før vi bestemte oss for å gjere vendreis. Når ein ikkje har med noko form for overnattingsutstyr, og ein veit at ei mørk og kald natt er i kjømda, kjem ein til eit "point of no return". Enten satsar ein alt på å toppe ut same dagen, eller så må ein gjere vendreis før det er for seint. I slike bratte omgjevnader er det nemleg mykje krevjande også å ta seg nedatt på sikkert vis.

 

 Alle gode ting er tre, tenkte vi, og tok med oss den finske alpinisten Tommy Raty på vår tredje freistnad. Det er både føremoner og ulemper med tremannslag. Den største ulempa er at klatringa går noko tregare, men føremonen veg ofte opp: fleire å fordele vekta av utstyret på og dessutan er det meir sosialt – ikkje minst på standplass, der ein gjerne blir ståande ein times tid og vente på at førstemann skal klatre ut taulengda. Dette med vektfordeling var ekstra viktig no på tredje freistnad, for no la vi opp til å skaffe oss meir tid ved å overnatte i veggen, noko som innebar at vi måtte ha med mykje ekstrautstyr, slik som soveposar, primus og meir klede og mat.

 

Første dagen gjekk alt etter planen: bratt opp frå fjorden til Armstrong-Vigdal-gjelet med stegjarn og isøksar, men utan sikring, vidare opp dette til innsteget, rask klatring opp bratt, men kjend rute til ryggen, vidare opp denne, inn i bratte snøgjel på god snø og is, til vi stod under toppveggene i 1350 meters høgde ved mørkrets frambrot.

 

Slogen 014

På veg opp det siste snøgjelet før toppveggene.

 

Under veggene fann vi ein bratt snøflanke som vi tenkte ville eigne seg til å grave ei hole i, men det synte seg straks at snøen var gnallhard heilt til botns. Derfor tok det oss heile fire timar å grave ei lita hole som så vidt var stor nok til å romme oss, medan vi samstundes smelta snø på primusen til drikke og tørrmatmiddag. Det å sitje i mørkret høgt og smalt oppe i den bratte sydveggen av Slogen og skode utover Sunnmørsalpane opplyste av eit svakt måneskin og ned på lysa frå grendene kring fjorden 1350 bratte høgdemeter under oss, gav ei heilt spesiell kjensle.

 

Etter nokre timars svevn i hola, vakna vi til eit tynt snødekke som gjennom natta hadde lagt seg over toppveggen som venta oss.  Vi starta likevel optimistisk på klatringa i den første og største av toppveggene, og tenkte at vi kom til å toppe ut på Slogen etter ein tre-fire timar.

 

Slogen 017

Frå første del av første taulengd på første toppvegg. Framleis i god von om at toppveggene skulle vere grei skuring.

 

Men etter berre kort tid i veggen skulle vi nok ein gong røyne at vinterklatring er noko anna enn sommarklatring. Om sommaren klatrar ein i varme på tørt fjell med svasko og lette sekkar. Om vinteren klatrar ein på snø- og isdekt fjell med stegjarn, isøks og veldig tunge sekkar, særleg når ein overnattar i veggen. I tillegg skulle det syne seg at rutevalet opp toppveggene slett ikkje var opplagt om vinteren, og allereie i første veggen gjorde vi ei feilvurdering som førte oss inn i særs bratt og vanskeleg klatring. Derfor tok det mykje lenger tid enn venta å klatre toppveggene, og på eitt tidspunkt var vi redde for at vi måtte ta endå ei natt der oppe i den etter kvart vindfulle og kalde veggen. Men sanneleg, etter 6-7 taulengder bratt og krevjande klatring, toppa vi ved mørkrets frambrot på ut på ryggen berre 20 høgdemeter under varden på Slogen, nøyaktig på same staden som førstebestigarane kom opp.

 

No hadde kulden teke knekken på kameraet, og vi har derfor førebels ikkje noko toppbilete å syne fram, men vi var der, vi var der.

 

Nedturen med dei tunge sekkene laurdagskvelden vil eg ikkje seie noko om, for det blir det berre ukvemsord av. Men, då vi endeleg kom oss ned til gardane på Øye, sterkt dehydrerte og på desperat jakt etter vatn, skulle det syne seg at lukka framleis var med oss. For etter å ha møtt tome hus på dei to-tre første gardane, vart vi møtte med opne armar av nokre engelskmenn som var innlosjerte på den gamle skulen på Øye, og dei baud på det som iallfall der og då kjendest ut som verdas beste heimelaga pizza og, ikkje minst, godt øl, og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!

 

Stig J. Helset