I dag var det siste dagen på Sæbø og legen var litt lei seg på vegne av sine pasientar som ho hadde vorte svært godt kjent med. Men ei fastlegestilling i Volda var avgjerande for at pendlinga over Krøvelseidet er over.

Sjølv om Siri var litt lei seg, så var det eit stort pluss å forlate stillinga på Sæbø når ho veit det er kome ein ny lege på plass alt, og idag hadde dei to vore ilag på kontoret, så servicen hadde nok vore topp og uvant, på eit kontor som har vore nedleggingstrua.

IMGP5314-as-Smart-Object-3

Lege Siri Standal og turnuslege Hanne Flacké Botnen har siste møte i lag før Hanne tek over kontoret på måndag.

Den nye legen, turnuslege Hanne Flacké Botnen, gler seg til å begynne på Sæbø. Ho er opphaveleg frå Stavanger, og har mann og barn i Volda, og har budd der i 1,5 år. Ho er ikkje heilt ukjent på Søre Sunnmøre, for farmora hennar kjem frå Ørsta og bur i Ulsteinvik.

Etter studiene i Oslo kom ho til Volda og har hatt 1 år turnuspraksis på sjukehuset. 1.sept. kom ho til Legesenteret i Ørsta og tok utfordringa og søkte på stillinga på Sæbø. Og i dag er ho på plass, og 1. mars er ho ferdig med turnusen og er ferdig utdanna lege.

Det la heller ikkje noko demping på humøret til dei to legane når Hanne feira 30- årsdag også, i dag på sin første arbeidsdag.

Fram til 1.mars vert kontoret ope to dagar i veka, etter den tid vert det normale opningstider med 3 dagar. Hanne håpar mange vil fortsette på på Sæbø og ho skal gjere sitt beste for å verte ein god fastlege for hjørundfjordingane.

Men om det vert ny lege på måndag, så svarer forsatt vår blide og korrekte legesekretær Elisabeth på telefonen og held orden på timebestillingane.

Velkomen til Hjørundfjorden og gratulere Hanne som ny fastlege på Sæbø og gratulere med 30-årsdagen i dag..