Illusjon

Ein optisk illusjon, eit optisk bedrag eller ei synskverving,  er når vi oppfattar eit bilete som noko anna enn det det faktisk er. Fornuften oppfattar det gjerne som uverkeleg. Det finst mange former for illusjonar, utan at det treng å vere så viktig i min samanheng.

Men for å illustrere det teoretiske bak illusjon, legg eg på eit eksempel:


800px-Café_wall.svg[1]

Kafeveggillusjonen : Dei horisontale linene ser ut til å vere skeive, men er eigentleg parallelle. (Fibonacci (Wikipedia).

Lokale illusjonar

Men vi treng ikkje dra langt for å finne ein annan type illusjon. I fjella våre ser vi ulike former og figurar som påkallar interesse:


Skårakjerringa - Kopi

Frå Urke ser vi denne figuren vest i Skåratindane om sommaren. Enkelte kan ha store vanskar med å finne ”Skårakjerringa” – andre ser ho kjapt.

Denne figuren er ei tøyabot i ein snøbre under dei spisse tindane sør om Skårasalen. Vi oppfattar det som ei kjerring med skaut på hovudet og med nordavind i stakken.

Lenger ute i fjorden, i fjellveggen utanfor Nes, ser vi ein annan illusjon:


Trollgjøttemannen

Trollgjøttemannen

Dette er i verkelegheita berre ein fjellvegg med mørke og lysare parti, men vi skal ikkje ha så store vanskar med å oppfatte det som noko anna enn det som det verkeleg er. Vi ser kanskje eit mektig andlet med mørk lugg, auge, nase, munn og hake.

I leksikon kan vi finne ein illustrasjon av eit gitter:

320px-Grid_illusion.svg[1]

Her opplever vi at mørke prikkar ser ut til å kome og bli borte i kryssingane mellom linjene.

Eg sat på do ...

Men kva har dette å gjere med overskrifta – ”Illusjonen på hjareromet” - spør du kanskje? Då er det min tur å hente fram ein sjølvopplevd illusjon.

Motivet under er henta frå eit toalett – du ser litt av toalettskåla øvst t.v.  Det er heilt uinteressant kvar dette finst, men det er vinylflis som dekkjer golvet.  Sjølve staden – toalettet – er ein ypperleg stad for litt djuptenkt refleksjon om både eitt og hitt.  Så dukkar det opp rett framfor meg: Eit motiv melder seg i oppfatninga. Sjølvsagt er det uverkeleg, men det blir meir skjøneleg etter kvart.  Det er heilt sikkert ……

Motivet er det same på alle flisene, men flisleggaren såg neppe det same som eg, og dermed ligg flisene i fire ulike retningar.  Her er motivet:


Eg sat på do

Ein raud firkant er med å sette lesaren på sporet.


Så er det store spørsmålet:

            Kva er det eg såg i flisene på golvet?

            Kanskje eg kan spørje etter kven eg såg?


Har du eit forslag til svar, er kommentarfeltet disponibelt!