Bondelagsstyret 003 copy

Styret i Hjørundfjord bondelag.  Frå venstre: Skrivar Jetmund Øye, studieleiar Magne Riise, leiar Knut Hustad og nestleiar Hallvar Mo.  Bak står kasserar Arne Rekkedal.  Han er også styremedlem i Møre og Romsdal bondelag.

På årsmøtet i Hjørundfjord bondelag i oktober, sa Steffen Nordang nei til attval, men ein ny kvalitetsbonde frå Norangsfjorden kom inn - Jetmund Øye.  Jetmund er både pelsdyroppdrettar og mjølkeprodusent og no også skrivar i Hjørundfjord bondelag.  Heldigvis er det enno slik at yngre styremedlemer kjem inn når andre går ut.

Eigedomsskatt i Ørsta og Solberg-regjeringa sin landbrukspolitikk er sjølvsagt to viktige saker som opptek Hjørundfjord bondelag.  Når det gjeld eigedomsskatten er det slik at gardsbruk og landbruksbygg skal det ikkje betalast eigedomsskatt for, men slik skatt skal betalast for våningshus/bustadhus på garden.  Ut ifrå dei signal som er gjeve av kommunen fryktar styret at taksen på våningshus/bustadhus skal verte sett urimeleg høgt, difor vil styret engasjere seg i denne saka.

Noko av det første Solberg-regjeringa ville gjere, var å fjerne/redusere den prosentbaserte tollen på ost, biff-filet og lam som Stoltenberg-regjeringa innførde for ikkje lenge sidan.  Heldigvis ser det ut til at dette ikkje vert noko av no i første omgang takka vere godt arbeid av landbruksorganisasjonane og støttepartia til regjeringa, dvs. KrF, men fyrst og fremst Venstre med Møre Og Romsdal-politikaren Pål Farstad i spissen.

Likevel meiner styret i Hjørundfjord bondelag at det ikkje er nokon grunn til å kvile for Norges Bondelag sentralt.  Fredingstida til landbruksminister Sylvi Listhaug og Solberg-regjeringa må no vere over.  I løpet av av kort tid har no regjeringa kome med framlegg til endringar av landbrukspolitikken som vil føre til store endringar/nedleggingar av gardsbruk her på Sunnmøre.  T.d. ville svineprodusentane betale ut andre svineprodusentar -med eigna pengar - for å få ned overproduksjonen av svinekjøt, men landbruksministeren sa nei.  Regjeringa snakkar om å auke dei ulike konsesjonsgrensene (t.d. auke talet på kor mange grisar/høner/kyllingar kvar bonde skal få lov til å ha) og fjerne mjølkekvotene.  Dette vil råke dei mindre gardsbruka hardt.

Men tru det eller ei; regjeringa har gjort det slik at det det vert høgare skatt for dei yngre som vil ta over  gardsbruk og verte bønder.  Regjeringa har også auka dieselavgifta kraftig.

Hjørundfjord bondelag meiner at det er fint at Norges bondelag prøver å endre regjeringa sin politikk i det stille via eit stort kontaktnett, men no må ein ta til motmæle på ein måte som når ut både til presse og publikum.  Det har aldri vore ein klok politikk å vere stille om ein vil ha gjort noko.

Medlemsmøte. Tida går fort og snart er det tid for jordbruksforhandlingar igjen.  I samband med den skal Hjørudnfjord bondelag kome med ein uttale.  I samband med dette vil Hjørundfjord bondelag invitere medlemane til medlemsmøte med noko attåt ein stad i Hjørundfjorden.  Dette kjem vi tilbake til.

Usunn mat. Med eit glimt i auget nemner vi at kaffi og wienerbrød sikkert ikkje er ja-mat om kvelden heller sjølv om det er godt.  Vi nemner difor at styret sin offisielle julenisse, i fylgje Møre-Nytt, Magne Riise, er idrettsmann og storskytar.  Han takkar nei til usunn drikke og mat.  Han drakk berre sportsdrikk frå eiga flaske under møtet.