Idrettslaget ønsker å by inn til dugnad på klubbhuset i veke 7 og 8 (10-23/2). Det skal pussast opp på kjøkkenet !

Her skal det settast inn ny ovn og ventilator, benkeplata skal skiftast, det skal ny plate på veggen bak vask/kjøkkenbenk, nye handtak på skap og skuffer, veggane skal malast, gardiner skal syast og hengast opp.

IMG_6505

Det trengs folk til alle desse oppgåvene i tilegg til vask av skap og elektrisk arbeid. Vi har allereide ei som tek med seg symaskina og kjem for å sy gardinene på huset, kanskje noken har lyst å gjere det samme så går jobben raskt unna? 

IMG_6511

Vi håpar også på å få vaska og malt veggane på toalettet, og muligens få malt det rosa på endeveggane oppunder taket i salen.

På årsmøtet vårt 10.2 vil vi førebu dugnaden, den som ynskjer kan komme innom då, eller ringe Elisabeth for å avtale kva ein ønskar å gjere så vi veit kva tid det kjem folk. Kan du ikkje gjere noko av det som er skissert ovanfor så er du framleis  hjarteleg velkomen for kaffikoking eller å være sosial. 

Det vil være muligheiter for å delta både på dag og kveldstid og vi håpar mange stiller for ei oppgradering av klubbhuset. Klubbhuset er mykje utleigd så dette er kjærkome for heile bygda vil vi tru.

Ring Elisabeth Dimmen etter kl 16.00 for å avtale kva tid du kan stille ! Tlf nr: 92 60 80 41. Eller send ein sms på dagtid.