Dynamitt har siden krigen vore nyttigt til mangt, både i positive og negative hendingar. I anleggsarbeid har det vore suverent, men i landbruket har det også vore nyttigt til nydyrking ved å sprenge stein og dei flinkaste som hadde full kontroll over sprengstoffet, brukte det til å sprenge grøfter. Ja, til og med vart det brukt til å sprenge møkkadungar med svært små ladningar, men kun i åker då det laga krater i grastorva.

I dag er det nokså begrensa kva folk har med kjennskap til denne oppfinninga. Å oppbevare og å bruke dette spregstoffet, er kun for sertifiserte entreprenørar, og å bruke det, er det spesialopplærde mannskap som får lov til.

DSC00025

I tillegg til å være "Tussamann" er også Jan Rune Ville gardbrukar og medeigar i den store fellesfjøsen på Rekkedal. Foto Knut Riise

I kraftforsyninga er dynamitt brukt til mange oppgåve. Å skyte av skog som ligg over linja og skyte saman aluminiumslinjer som har vorte kutta, er ei vanleg oppgåve for mannskapa, og dette gjer dei med dynamitt.

På onsdagskvelden og natta til torsdag 28.november var det eit kraftg uvèr over Vestlandet og kraftleidningane fekk prøve seg. Somme stader vart stolpar avbrotne og andre stader låg skog over kraftleidninga.

Ei stor gran bles over ende over 22 kV-linja mellom Høydalen og Håvika i Austefjorden. Tussa hadde montørar ute om natta som lokaliserte feilen. Om morgonene etter lyset hadde kome, vart treet fjerna med sprengstoff av energimontørane Jan Rune Ville og Dag Bjørneset. Jan Rune filma smellet - og sprenginga var, som Jan Rune slår fast på filmen, vellykka :)

I ein litt mild "Kjellen" stil, filmar og kommenterer Jan Rune Ville spreginga på videoen som Tussa la ut på YouTube. Facebook fanga fort opp videoen og i dei neste timane var mykje av norsk presse ute og vill ha meir opplysningar om dette som skjedde. Blant media som la ut lenkja var Sunnmørsposten, NRK, Aftenposten og mange fleire.  Ja, telefonen peip i lomma ut iett, og eg hadde mine  fulle hyre med å svare så godt eg kunne, seier han.

Var dette ei heilt spesiell hending denne dagen då Jan Rune?

-NEi langt ifrå, men vi hadde eit behov for å vise dei som sit inne på vaktsentralen kva vi styrer med, og ein video  kunne gje dei litt hurtig og god vaksenopplæring, tenkte vi. Som vanleg i slike tilfeller er det bratt og høge trè som ligg over leidningane. Her var det minst 50 grader helling i trerrenget.

Videoen vart levert til ansvarleg for informasjon og lagt ut på YouTube og TussaTv og dermed var sirkuset i gong. Frå nokre spede treff i begynnelsen, starta antalet på treffa som no er snart oppi 50-tusen.

Mykje folk har kommentert og funne interesse i videoen, og mange er imponert over den rolege og enkle måten som Jan Rune kommenterer på.

Er det ikkje eit farleg yrke du jobber i, og er det ikkje dyrt å bruke sprengstoff til å skyte av tre på denne måten?

- Nei, vi er opplærde til å bruke sikringsutstyr, og når vi sprenger så er det minst 50 meter sikkerheitsavstand, så dette er ikkje farleg for oss. Men du må vite kva du styrer med, så det er ikkje noko effektiv måte som kvar ein kan bruke på vedaskogen, då vert det nok ein dyr ved. Men når straumen er vekke i eit stort område, så er det eit effektivt og billig reiskap å bruke, og mykje tryggare enn å bruke motorsag. Og stokken har eit rett kutt der den er fullt brukbar som material, 10 cm frå kuttet.

Vi har også vore med å fjerna store trè, medan straumen stod på, som har blese over dei store linjene våre. Då brukar vi lange isolerstenger som vi fester dynamittslangen på trestamma, og dermed har kostbare nedkobling av straumnettet vore ungått. Det er Raufoss som produserar sprengstoffet.

Det heile har vore kjekt at so monge har funne interesse i arbeidet vårt og vi les  med interesse dei positive og negative kommentarane. Og Tussa har aldri hatt billigare reklame, avsluttar bondlingen som er montør i Tussaselskapet.