Utryddingstrua ord

Men Astrid Skår har med uttrykket i boka "Utrydningstruede ORD" og opplyser at substantivet kakelinna er den mildversperioden som ofte kjem i desember, midt under julebakinga. Ordet kjem nok av det norrøne linnr om tyder mild, t.d. linnver. Nokre stader kalla dei denne perioden med mildver i desember for kaketøyr eller lefsetøyr.

Regn_834

Dette er eit verkart som viser ein ikkje uvanleg situasjon i desember. Oslofjord-området går klar av regneperioden. Resten av landet får mildver og regn.

Det er slik at i november, desember og av og til litt av januar kjem overgangsperioder der atmosfæra stiller seg om frå haust- til vintermodus. Dette fører med seg ein del kampar mellom mild luft frå sørvest og kald luft som vert danna over kontinenta og Arktis.

XA6IJPGN-XY3k4p5wGLLRgNwSdAB5YRR5bobviAsqSwg

 

Det kan røyne på for både bilistar og gåande når kakelinna set inn.

 

Den kalde lufta skal dominere utover vinteren, men i ei eller fleire overgangsperioder vil mild luft, ved hjelp av kraftige lavtrykk, drive vekk kaldlufta. Og det er desse periodene som utgjer kakelinna eller kakelinnene.

Tidligere trudde ein at mildveret kom av all fyringen i samband med julebaksten. No veit vi betre.

 

Tomasmesse

Omgrepa kakelinne og lefsetøyr var i gamle tider gjerne kobla opp mot Tomasmesse 21. desember. Denne dagen var til minne om apostelen Tomas, som ofte vart kalla "den vantru Tomas". I følgje legenda måtte Tomas kjenne på såra etter naglene i Jesus sine hender for å få prov på at det verkelig var Jesus som hadde stått opp fra dei døde.

506px-The_visit_of_the_wise-men

 

Kakelinna har sterke band knytt til juletradisjonar.

 

Tomas preika i Persia og India. Han leid martyrdøden i år 68 eller 69. Til Tomasmesse skulle julebaksten vere ferdig etter mange dagars arbeid. Det siste som vart baka var gjerne lefser, for dei var mindre haldbare enn mykje den andre julebaksten. Det var difor ikkje så rart at Kakelinna vart eller vert kalla for lefsetøyra / lefsetøveret. 

Baking og brygging

Til Tomasmesse skulle ein og ha brygga ferdig juleølet. Det starta ein med på Annadagen 9. desember. Perioden frå 9. til 21. desember vart kala bryggjardøgra. Og nåde den som ikkje brygga til jul. Etter Gulatingslova var det heimel for å bøtelegge den som ikkje følgde påbudet om å bryggje juleøl. Difor vart kakelinna og kalla bryggjardøgri.

imgp8602_kopi

Einar Saure, ølbryggjar og tradisjonsberar frå Knutegarden på Ner-Saure. Her anno 2008. Foto: Knut Hustad. Foto henta frå Hjørundfjordportalen.

 

Ut av all bakinga, brygginga og julevask med varmt vann, vart det svært mykje fyring. Og det er bakrunnen for at ein trudde at varmen frå all fyringa var grunn til at temperaturen steig slik at det vart mildvær. Og naturleg nok vart det varmast heilt i slutten av julestria, ved Tomasmesse.