Vi er inne i advent, og slik tradisjonen er på Sæbø, så vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje Søndag 8. Desember kl. 15.00 med sokneprest Espen Aarseth. Soknet sine komande konfirmantane vil ta del under lysmessa og opne gudstenesta med inngangsprosesjon. I sjølve gudstenesta vil dei 5 unge, tenne den 7-arma lysstaken og lese frå skrifta som handlar om advent.
Tilslutt vil presten og konfirmantane avslutte lysmessa med utgangsprosesjon og
stå ilag i våpenhuset.
Etter lysmessa er det tid for å tenne den vakre julegrana i parken i prestegardshagen. Då vil Generasjonskorpset stå klar og skape god stemning med eit lite utval av kjende og kjære julesongar.
Etter dette vil Generasjonskorpset få invitere alle til sin årlege julemarknad på Bondalen grendahus.
Der vil dei freiste med triveleg basarstemning med flott musikk, triveleg prat, tombola, åresalg, trekking av loddbok og Sæbø sine beste kaker og smørbrød!(Også glutenfrie).
Knut Hustad vil leie oss stødig gjennom
marknaden også denne gongen :)
Maknaden er eit viktig arragement for korpset, både økonomisk og for å vise seg fram, og korpset som vert leia av dirigent Oddhild Kalvatn vil også i år framføre mange av våre kjære julesongar som vil setje oss i den rette julestemninga.
Også i år har korpset opplevd stor gjevarglede blant bedrifter i Ørsta og på Sæbø, så dei har mange flotte gevinstar til utlodding.
Generasjonskorpset (Foto Invild Runde)
Både kyrkja og Generasjonskopset ynskjer alle velkomne til ein kjekk førjulsstund 2. søndag i advent.
Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!
Helsing Hjørundfjord sokneråd og Generasjonskorpset
Kommentarar