Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon

Når det var slått på småbruket til Karoline og Ansgar Urkegjerde i Hustadvika ved Sæbø, måtte alle i den store barneflokken hjelpe til.  Men det var ein som slapp litt lettare unna – Bjørn fekk til tider fiske etter laks i Bondalselva også når det ikkje var middagskvile. Det vert sagt at også tvillingbror Arvid også ville fiske, men då sa pappa Ansgar nei.  Ein kvar måtte vere der ein best gjorde nytte for seg.

2
Den 10 kg store laksen er gyteklar og klar for stryking av Bjørn Urkegjerde


Eg har sjølvsagt ikkje spurt om historia stemmer, men at Bjørn i mange tiår har vore ein glimrande laksefiskar, er det ingen tvil om.  Interessa hans går også utover sjølve fiskinga, m.a. er det  han som har ansvaret for å fange stamlaks i elva om hausten og det er han som gjer arbeidet i klekkjeriet. For få dagar sidan vart dei siste laksane strokne og den befrukta rogna er no på plass i rognkassene i klekkjeriet. Til våren skal rogna, som no har vorte til yngel, setjast ut i Bondalselva og sideelvar.

Tidlegare i år bestemte Fylkesmannen at det ikkje skulle fangast fleire enn 30 laksar, dvs. 15 hofiskar og 15 hanfiskar, til stamfisk i Bondalselva.  Av dei 15 hofiskane var det fanga 6 pjakkar.  Den største av holaksane vog ca. 10 kg og gav  2,4 liter rogn.  - Det vert nokre arvingar av slikt, humrar Bjørn.  Men sjølv om Bjørn passar godt på, går det ikkje alltid etter planen. Bjørn hadde nemleg tenkt at den største hanlaksen i klekkeriet skulle verte far til ”borna” til denne store holaksen, men ein dag Bjørn kika ned i det eine karet, oppdaga han at denne storlaksen på 15 kg var krepert, eller meir presist; avliva.   Ein oter hadde vore på ferde – han hadde kome seg inn gjennom ei lita opning ved vassinntaket til klekkjeriet.  Dermed måtte sjølv storlaksen gje tapt.

1 5
Bjørn fortel at laksen er gyteklar når det ser ut
som
  om alt mageinnhald m.m. flyt fram til hovudet når han held opp laksen etter sporden.
Den 10 kg store laksen gav heile 2,5 liter rogn.
Det
vert mange arvingar av slikt, humrar Bjørn.

Supplement

Føremålet med arbeidet i klekkjeriet er altså å supplere naturen litt, dvs. sikre at det vert  lakseyngel i elva når våren kjem.  Men også Bjørn Urkegjerde er klar på at naturleg gyting i elva er best og absolutt viktigast, men faren er at år om anna, slik som for 14 dagar sidan, kan ei  flaumstor og uroleg elv øydelegge og skylje ein stor del av den naturlege gotne rogna på sjøen.  Då er det godt ha ca. 80.000 yngel frå klekkjeriet i bakhand.

Under strykinga ser Bjørn ut som reine laboranten i sin kvite frakk, men så skal han også ta fleire prøver i tillegg til å stryke laksen, dvs. få  rogna ut av den gyteklare fisken.  Det er ikkje nok med ei skjelprøve av kvar fisk, fostervassprøve av rogna til kvar hofisk må opp i eit lite reagensglas, det same må ei prøve av mjølken frå hanfisken.  I tillegg vert mål og vekt notert.  Rognkassa med den befrukta rogna  får eit nummer og det same nummeret festar Bjørn på dei to  foreldrelaksane.  Så vert prøvene sendt inn for analyse.  Skulle det seinare vise seg at ein, eller begge av foreldra har ein sjukdom, eller er oppdrettslaks, ja, då vert det inga framtid korkje for foreldre eller yngel. 

4 7
Det er ikkje berre å stryke laksen, det må takast prøve  av mjølke og fostervassprøve av rogn.  Og kvart laksepar får sitt nummer, same nummer som vert sett på rognkassene. Laboranten Bjørn må ha kvar prøve i prøveglas som så vert sendt inn. Viser det seg at det er snakk om oppdrettslaks, vert framtida svart både for lakseforeldre og laksebarn.

Lægre overlevingsprosent i elva.

For ikkje mange år sidan måtte stamlaksen i klekkjeriet avlivast etter at dei hadde gitt frå seg rogn og mjølke.  Bjørn er glad for at denne regelen er oppheva.   – Når det er så lite laks,  kan vi ikkje avlive foreldregenerasjonen.   Om laksen er i bra form etter gytinga og godkjend og merka av veterinær, vert fisken sett ut i Bondalselva igjen.  Laksen får kome ut i elva rett framom Hustadbrua.  Etter kvart vil den sige ut i sjøen igjen og er klar for ein ny tur til havs. Og kan så laksen kome igjen?

-Absolutt.  Mi erfaring er at han evt.  kjem igjen til elva etter to år.  Ja, her i klekkjeriet har vi hatt laks som har kome over dørstokken tre gonger.  For ikkje mange år sidan fekk eg ein stamlaks i Årskogen på fire kg. To år seinare landa eg den same fisken på same stad på nytt, han vog då ca. 8 kg.  Og to år etter dette igjen fekk vi han for tredje gong.  No vog han heile 15 kg, fortel Bjørn og legg til at sjansen for å overleve er langt større etter ”gytinga” i klekkjeriet enn naturleg gyting i elva. Ein laks langt framme i elva må gjerne kjempe imot både  oter, flaumstor elv og  isferd vinterstid. Då seier det seg sjølv at det kan verte vanskeleg å kome seg til havs igjen.  Det slepp laksen i klekkjeriet.

3 6

Berre ein liten sprut skal til frå
hanlaksen for å befrukte 2,4 l
rogn

Så er jobben gjort.  14 rognkasser med rogn
tyder
at 14 laksepar har gjort jobben sin.