Pyntelege damer!

Desember 13 260

Manuela og Haldis har vore kreative og ordna ei juleutstilling

framfør ingongpartiet vårt.

Lyslekkje vert hengt opp i taket i lag med pakkar og stjerner,

rett lekkert vart det.

JULEBAKST.

Desember 13 030

Her er Anna i full sving med julebaksten, konfektkaker

med sjokoladebitar er godt.

Desember 13 031

Settast med skei på plate og steikast i ovnen, enkel sort.

Då kjem julestemninga sigande med gode lukter og prat om dei "sju" sortane.

Desember 13 065

Kransekake må vi ha til jul, alle er med å trille passe tjukke pølser til formene.

Sylvi, Marie, Karoline, Ann Helene og Ragnhild.

Desember 13 067

Med stor iver vert formene fulle av kakedeig, og klar til steiking.

Desember 13 068

Litt hjelp til å legge pølsene på plass før steiking.

Desember 13 069

Så tek Sylvi og Jørn ein svingom medan kakene vert steikte.

Desember 13 070

Då vert det spennande å sjå om kaka vert pynta til jul, vi ventar i spenning.

Desember 13 071

Ragnhild inviterer Jørn på køyretur på rullatoren.

Desember 13 074

Pusen Baldrian er komt på nederste hylle i dag.

På veggen ser du utstillinga av fine tilårskomne gryteklutar som

Haldis har hengt opp.

Desse vekkjer stor begeistring og mange

hugsar klutane som bestemor eller mor hadde på kjøkkenet.

Kveldskos.

Desember 13 027

Fredagen tok Jørn og slo på stortromma til kvelds,

taco vart servert til stor glede, dette var smakfullt og godt.

Desember 13 028

Maten gjekk unna og alle var einige om at dette fristar til gjentaking.

Desember 13 032

Litt pusekos må vi ha med.

Anna, Jørn og Baldrian.

julekorgfletting.

Desember 13 129

Solveig, Linda, oddny, margit, Inga og Karen sette seg rundt bordet

og skulle flette julekorger.

Desember 13 132

Damene huska godt korleis dette skulle gjerast.

Desember 13 133

Linda fekk kyndig opplæring, og korgene vart så fine at.

Desember 13 010

Når det vert for mykje julestyr, kan det vere godt med ei kasse å gjøyme seg i.

Desember 13 302

Julekalenderen på Dalastova i år er ein pakke som vi pakkar inn kvar dag.

Julafta på føremiddag skal vi pakke opp alle pakkane, då vert det spennande å sjå kva vi finn.