Korpset har hatt litt mindre aktivitet enn i fjor, men vi håpar på meir aktivitet det komande året. Fyrste oppdrag i år var å opptre på Helselagsbasar på grendahuset. Dette var veldig kjekt. Basar er alltid kjekt! Så deltok vi på gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje 14. April. Dette var veldig kjekt og ei flott oppleving. Så spelte vi sjølvsagt under feiringa av nasjonaldagen på Sæbø. Dette er høgdepunktet i året, og ei stor ære å få vere med på! I tillegg til mykje øving i haust arrangerte vi vår tradisjonsrike julemarknad 8. Desember. Vi ynskjer å fortelje litt om denne. 

julegrantenning

(Foto: Rune Sæbønes)

Etter lysmessa i Hjørundfjord kyrkje stod korpset klar og venta ved julegrana. Då folket kom i frå kyrkja skapte korpset god og fin julestemning ved å spele eit knippe av dei kjende og kjære julesongane våre. Då julegrana var tend reiste folk til grendahuset. Det vart ein triveleg ettermiddag med god basarstemning og fin underholdning av korpset. Vi spelte mest julesongar, men også litt anna, og vi var kjempeglade for den gode oppslutnaden denne marknaden fekk også i år! 

Det var folksamt i begge salane på grendahuset, så spreke korpsmusikantar måtte ordne ut under åresalet og formidla vinnarnummera til dei som sat i lissjesalen. Mange flotte gevinstar fekk nye eigarar. Vi var heilt overvelda over kva gjevarglede folk og bedrifter har, dette set vi utruleg stor pris på! Vi trekte og trekte og dei yngste hjelparane våre var ivrige etter å få dele ut til heldige vinnarar. Vi prøver til å vere flinke og fortelje kven som har gitt oss kvar enkelt gevinst.

I gangen var det sal av lodd og mat. Omlag 4000 tombolalodd går med i løpet av eit par timar på julemarknaden, i tillegg til årar og lodd på bok! Korpset underheldt med musikk i to avdelingar, og fekk applaus etter kvart nummer. Det er kjekt og stor stas å få!

Knut Hustad gjorde som vanleg ein glimrande jobb som programleiar under marknaden og korpset er heldige som får be han om hjelp til dette.

1258654206000_Julepynt1_2920381698x698r

Generasjonskorpset på Sæbø vil takke alle som har støtta oss med gevinstar, kjøp av lodd når vi har vore rundt på dørene og ikkje minst kjøp av mat og lodd på marknaden.

Vi vil også minne om at det er mogleg å støtte oss gjennom eit heilt år ved å velje Sæbø skulekorps som grasrotmottakar når ein leverer tippekupong / lottokupong til Norsk Tipping.

2333659_h59263ab26e0dcba2a529_v1356967551_647x

Takk til alle som støtta oss gjennom heile året, både med arbeidskraft, gevinstar, kaker og ved frammøte på alle arrangement! 

Vi ynskjer alle eit GODT NYTT ÅR!