BALDRIAN!
Søt og nyfiken kom han til oss, rett før jul.
Innskriven på Dalastova som seg hør og bør.
Raskt fann han seg til rette i fanget til bebuarane,
dei vart glade i han med ein gong.
Til alle si "begeistring" var han flittig i toppen av juletreet.
Kos og klapp frå gode bestemorhender.
Aktivitør som er så rask, impulsiv og energisk som Baldrian,
skal du leite lenge etter.
På rullatorane var han snar å finne seg til rette.
På kontoret ligg han ofte og leikar med datapila.
Klart han må få lov seier Irene.
Akvariet i gangen er svært intressant, berre der ikkje var lok på!
Fuglebrettet er fristande, fuglane er dessverre litt for kjappe.
Lengtande blikk mot naturen.
Biltur er saken, kjekt med fart og spenning.
Klatring er medfødt.
Ved karane sin plass i gangen er han sjølvskreven.
"Damefong" er tingen, varmt og godt.
Klapp og kos i massevis.
Framleis hoppar han opp på rullatorane for å kjøyre ein tur.
Baldrian sin rømmingsveg ut om natta.
Det kan straffe seg å leve det gode liv på Hjørundfjordheimen.
Når våren kjem og fuglane og musa dukkar opp att, då.....
Det høyrer med til historia at når katten var ute for fyrste gong, let han som måsane, dei var dei faste leikekameratane til Baldrian.
Instinkta seira, så no er han klar over sin identitet.
Vi gler oss over Baldrian kvar dag, og gler oss til fleire år i lag.
Frå andre avdelingar har vi fått henvendelse med spørsmål om korleis dei skal gjere det om dei vil ha katt.
Vi gjev gode tips og råd og anbefalar katt på det VARMASTE:)
Kommentarar