Jul på Hjørundfjordheimen.


jula13 001

Siste innspurt før jula kjem, hårrulling, og baking av "julemannja."

jula13 004

Desse damene kan sine kunster, Karoline og Anna.

jula13 005

Marie målar med stødig hand.

jula13 006

Jørn får lov å bake litt han også, må lære veit du.

jula13 017jula13 038

Karane får ansvaret når treet skal inn, Arne puslar samman eit plasttre, og Sigve set lys på det i ei krå.

jula13 018

Her pyntar Ragnhild og Jørn den sjølvlaga kransekaka, sjå berre kor fin den vart.

jula13 031

Julegodteri med peppermyntesmak må vi ha til jul.

jula13 037jula13 030

Jørn pyntar med mokkabønne.               På Dalastova står treet klart og skin.

jula13 055

Lissjejulafta fekk vi "storbesøk" av sjølvaste ordføraren, Anna og Bodil diska opp med prøvesmak av julegodteriet som fall i smak.

jula13 041

På Fjordstova er treet komt på plass, men kvar vert pyntet av?

Else ventar spent.

jula13 062jula13 061

Monika og Marthe i full sving med kuler (og krutt).

jula13 064

Arne heng sirlege kuler på plass, og vips så er treet er ferig pynta.

jula13 043jula13 143

Arne har fått julekort frå slekta.  Monika ordnar neglelakken til Tordis.

jula13 069

Bordet er pynta med kransekaka, og Karoline og Anna ventar på Julelunsjen.

jula13 070

Pynta stove og juleunderhaldning på TV, slik skal det vere.

jula13 071

Servering av lutefisk, julebrød, lefser, søst og skive med syltaflesk og rullapølse.

jula13 096

Her er det dekka til sjølvaste julemiddagen, feststemninga er komen.

jula13 115jula13 112

Før på dagen når ventetida vart litt lang, opna vi julekalenderen, Karoline fikk ein julemann, og Baldrian fekk seg ny hatt.

jula13 126

I fyrste etasje bakar Linda og Sigrun kransekake.

jula13 127

Oddny og Margit hjelper til, og Linda må lære.

jula13 152

So var det pyntinga i sirlege svingar.

jula13 153

Solveig, Kirsten og Helga fyljer nøye med Linda om ho gjere det rett.

jula13 156

Ho fekk strålande karakter!

Sigrunn og Hildur er svært fornøgde med resultatet.

jula13 128

Randi samla damene til å lage dekorasjonane til juleborda, Kirsten, Oddny, Margit, Karen, Inga og Sigrun.

jula13 135

Resultatet vart blomstrande bra, Margit og Inga strålar i lag med bordpyntet.

Sjølvgjort er velgjordt.

jula13 137

Servering av gløgg og julesong er fast trdisjon.

jula13 139

Kos og førjulstemning,og trening på julesongane.

jula13 170

Karen og Hildur får servering av Edel og Svanhild.

jula13 175

Gang rundt treet høyrer med, både for dei som kan gå og for dei som vil sjå.

jula13 177

Kjekt at Karin tok med seg ei gruppe familiemedlemmar og hjelpte til med songen.

jula13 183jula13 188

Gåvene på plass under treet, Hildur opnar spent.

jula13 186jula13 189

Karen har fanget fullt av gåver, Johanne har fått nytt sjerf.

jula13 117

Julefesten på tredjedag var ei triveleg stund, "husorkesteret" spelte flotte melodiar.

jula13 118

Alle kosa seg med god underhaldning og god mat.

jula13 147

Laurdagen før jul spelte Hjørundfjordkvintetten inn jula for oss på Hjørundfjordheimen.

Dette sette alle stor pris på, og vi seier tusen takk.

Takkar også til alle som sender oss konfekt og helsingar i jula, Tusen Hjerteleg takk.

Som de ser er det mykje som skjer på heimen i jula og tida rundt, vi kosar oss.

Vi vil ynskje alle som høyrer oss til på ein eller annan måte:

EI GOD JUL VIDARE, OG EIT GODT NYTT ÅR!