«Det er deilig å vere norsk i Gdansk» utbraut ein av veteranane og dermed var stemninga satt for resten av turen. Når veteranane samlast første kvelden er det alltid gjensynsglede som er stikkordet. Mange har ikkje sett kvarandre sidan forrige tur, og feelgood-stemning og gode historier vert kjapt trylla fram. Etter ein matbit på byen torsdag kveld var det klart for laginndeling før fredagens internkamp-batalje. Årets lagkapteinar var Rolf Egil Riise og Arve Johannessen, og dei brukte møysommeleg med tid for å finsikte kandidatane som dei ville ha med seg på laget. Det er sjølvsagt ikkje rom for prøvespeling så seint på kveld, så her må ein berre stole på tidlegare bragder samt magekjensle (les: magemål) som kriterie for kven ein vil ha med seg i krigen. Etter laginndelinga var begge lag skråsikre på sigeren og den psykologiske kampen var i gong.

gdansk4
Blide veteranar utanfor hotellet. Frå venstre: Arve Johannessen, Audun Lyshagen, Alf Ole Aarseth, Jan Kjetil Holen,  Rolf Egil Riise, Odd Rune Walseth, Arnt Egil Hjellen, Øyvind Ose,  Knut inge Haugen, Lasse Sæbønes.



gdansk
I sentrum av Gdańsk. Øyvind Ose, Henning Nydahl og Audun Lyshagen. 


gdansk3 

Arve Johannessen prøver seg som polsk gateselgar. 

gdansk7
Alf Ole Aarseth og Rolf Egil Riise er begeistra for polske monument.

gdansk8
Veterandirigent Rolf Egil Riise drog ofte i gong Bondalssongen. Her under samling før internkamp i sentrum av Gdansk.


Internkamp
Etter ein god frukost på hotellet, var det fredag føremiddag klart for ein bytur i den polske haustsola og gjengen var samla i sentrum før det som var dagens høgdepunkt: internkampen. Ettersom åra har gått tenker kanskje lesarane at no må vel desse kroppane vere for gamle for fotball, og at intensitet og prestisje er ein saga blott. Tvert om. Så mykje står på spel at det skal lite til for at det oppstår gnisningar, harde tacklingar og høglytte diskusjonar om ballen var ute eller ei. Ein og annan hoven kjeve er heller ikkje usannsynleg, sjølv om det er strekkskadane som er den største fienden. Den store overraskinga i år var at det IKKJE var Øyvind Ose som var førstemann ut på sidelina.  Komitéen hadde ordna med kamp i ein innandørs hall med kunstgras i 5-a-side størrelse, noko som passa veterangjengen perfekt.

Opprinneleg var me 13 påmelde på tur, men rett før internkampen ankom Vidar Holen direkte frå Oslo som dagens surprise, og brått fekk det gule laget eit favorittstempel. Opphausinga og entusiasmen kring Holens ankomst var kanskje med på å gjere at det gule laga slappa litt for godt av, for innleiinga av internkampen var av det komiske slaget. Før nokon fekk sukk for seg, stod det brått 5-0 til det kvite laget! Dei første 5-10 minuttane var ei salig blanding av horrible tilbakespel, feilpasningar, sjølvmål og keeperprestasjonar du sjeldan ser uansett nivå. Ja, rett og slett eit studie av kor gale det kan gå for eit lag som ikkje anar kva dei driv på med. Det kvite laget hadde berre to halvgode skot på mål, og leia kampen 5-0! Forstå det den som kan. Etter kalddusjane i starten fann gult lag ut at første prioritet må vere å sentre ballen til ein med same draktfarge som seg sjølv. Og det fungerte! Arve Johannessen som kjapt vart omskulert frå keeper til indreløpar posisjonerte seg klokt og reduseringa til 1-5 var eit faktum. Det gule laget fekk etterkvart stokka føtene nokolunde og etter 1. omgang var stoda 6-2 til kvitt.

I 2. omgang, anført av evigunge Lasse Sæbønes, byrja det gule laget endeleg å få skikk på spelet. Kombinasjonane satt, innsatsviljen var oppadgåande og jammen var det ikkje tilløp til kliniske avslutningar også. Sakte, men sikkert vart det kvite laget pressa bakover og berre ein meget god Knut Inge Haugen i mål, hindra dei gule i å ta meir innpå. 2. omgang enda med 4-3 til dei gule og dermed 6-9 samanlagt. Men trudde du kampen var ferdig? Neidå. Internkampen går alltid  over tre omgangar à 20 minuttar, så det var fortsatt tid igjen for det gule laget.

Tredje og siste omgang vart eit stormløp mot Haugen i buret. Gult lag reduserte både til 7-9 og 8-9, i tillegg hadde storbonden frå Rekkedal fleire tigersprang som hindra skåring. Men tida ebba ut og ein særs spanande kamp enda med 9-8 til det kvite laget. Dei jubla hemningslaust og pusta letta ut. Seinare på kvelden vart det demokratisk avstemning for å dele ut bonuspoeng til kampens tre beste aktørar. Etter stemmeopptelling fekk Lasse Sæbønes 3, Knut Inge Haugen 2 og Kjell-Johan Aarseth 1 bonuspoeng.

Kampfakta:
Kvitt – Gult 9-8 (6-2, 3-4, 0-2)
Bane: Gdańsk Indoor Sportshall (eller noko sånt)
Dommar: ingen (dette må rettast på til neste år)

Mål kvitt:
Arnt Egil Hjellen 2, Øyvind Ose 2, Jan Kjetil Holen 1, Alf Ole Aarseth 1, Odd Rune Walseth 1, 2 sjølvmål

Mål gult:
Lasse Sæbønes 4, Kjell-Johan Aarseth 2, Arve Johannessen 1, Henning Nydahl 1

gdansklag1
Vinnarlaget:

Frå venstre: Rolf Egil Riise, Alf Ole Aarseth, Arnt Egil Hjellen, Jan Kjetil Holen, Odd Rune Walseth, Øyvind Ose, Knut inge Haugen.

gdansklag2
Gult lag:

Frå venstre: Lasse Sæbønes, Vidar Holen, Audun Lyshagen, Henning Nydahl, Kjell-Johan Aarseth, Sverre Børge Hjorthaug, Arve Johannessen.

Fredagskvelden var det stemning for at veteranane skulle samlast i byen, og ete på pizzarestaurant med tilhøyrande drikke til. Byrået som komitéen hadde engasjert for å ordne det praktiske for oss stilte opp med taxi, men veteranane vart køyrde langt ut på landsbygda til noko som minte meir om Sinclairs kro på Kvam eller som Vidar Holen uttalte: «Eg har ikkje reist heilt til Gdańsk for ete på ein luguber kafé milevis frå sentrum, då kunne eg heller gått på ein taverna i Groruddalen!» Det var opptakt til handgemeng og det råda ei stund fullstendig kaos mellom veterangjengen og taxisjåførane med skuldingar om lureri og det som verre var. Veteranane var ei stund delte i meiningane om vi skulle vere på denne restauranten eller ikkje, men då det gjekk opp for gjengen at spisestaden heller ikkje hadde ølservering, berre raudvin og pizza, var avgjerda enkel. Taxisjåførane fekk versågod frakte gjengen til eit betre lokale, med passande mat og drikke. Eit par av veteranane som hadde haussa seg skikkeleg opp over elendig mattilbod, kom straks i betre humør på den nye plassen, og då dirigent Rolf Egil Riise drog i gong Bondalssongen midt blant andre gjestar var humøret og stemninga atter ein gong tilbake på godt gamalt veterannivå.  

 

Go-kart
Laurdag var det Go-kart-køyring som stod på programmet. Gdańsk hadde eit flott utandørs Go-kart-anlegg med utfordrande baneprofil, der veteranane verkeleg fekk teste køyreeigenskapane sine. Veteranane vart delte i to puljer der det først var 5 minuttar med innleiande køyring, og deretter avsluttande finale som varte i 20 minuttar. Det vart ein fartsfylt seanse for veterangjengen og det vart fleire interessante duellar i svingane. Etter at begge puljene hadde gjennomført sine finalar var det klart at Jan Kjetil Holen hadde beste samanlagttid, medan Henning Nydahl kunne slå seg på brystet med raskaste rundetid. Vel køyrt folkens!

gdansk6 
Har Arnt Egil Hjellen & co oppsøkt ein polsk frisør for å kopiere permanent-frisyrane frå 80-talet? Neidå. Veteranane gjer seg klare til Go-kart-køyring.
 

gokart2
Oversikt over Go-kart bana. Pulje 1 med veteranar er klare for start til venstre i biletet. 


gokart1
Audun Lyshagen i full konsentrasjon før ein krevjande sving.  



Seinare på laurdagen løfta quizmaster Odd Rune Walseth stemninga med ein særs varierande og utfordrande quiz, der både internasjonal og norsk fotball, polsk historie og sunnmørske fjelltoppar var blant spørsmåla. Etter ei intens quizrunde stod to lag heilt likt i poeng då fasit vart gjennomgått, og det var duka for sudden death. Det oppstod høglytt diskusjon om kva spørsmålsform ekstraquizen skulle ha, men til slutt tok Audun Lyshagen affære. Etter nokre minuttar intens tasting og søking på mobilen, hadde han spørsmålet klart. «Kva årstal vart Polen sjølvstendige frå Austerrike, Russland og Tyskland?» Etter litt tenking, vart brått alt klart for lagkaptein Alf Ole Aarseth på det eine quizlaget, og han stadfesta rett før tidsfristen med det kontante svaret: «den 11.11.1918». Stillheita breidde seg i romet og spenninga kunne kjennast på kroppen. Lyshagen reiste seg frå stolen, byrja å gå med rolege steg, tok Alf Ole i handa og utbraut «Heilt korrekt!». Jubelen stod i taket hjå det eine laget, og Alf Ole takka semesteret med Historie grunnfag på DH i Volda i 1985 for alt det hadde hatt å seie for quizsigeren i takketala si.  

 

Bankettmiddag
Etter quizen var det tid for å pynte seg og gjere seg klare for bankettmiddag. Når bondalingane dressar seg opp er det ikkje framandt for at dei fleste kan sjå særs velkledde og presentable ut. Bankettmiddagen vart halde på ein av dei betre restaurantane i Gdańsk, og veteranane hadde ein finfin kveld med god mat og drikke, ispedd ein solid dose humor, mimring frå hine hårde dage og livlige diskusjonar kring årets tur. Etter mange års turar med stort sett same gjengen tenker ein kanskje det er fare for repetisjon og oppattaking , men så er ikkje tilfelle.  Stadig nye historier kjem til overflata og heile veteranturkonspetet er rett og slett «meeeget oppegåande» som Kjellen Bigset ville sagt.


Søndag var det tradisjonen tru tid for oppsummering av årets tur og heimreise. Komitéen fekk rettmessig skryt for delar av opplegget, men det var også ting å setje fingeren på. Litt for usentralt hotell som resulterte i altfor mykje taxikøyring er noko som må rettast på til neste år. Ein nyvald komité treng uansett tid til å verte varme i trøya, så vi ser fram til neste år med glede og forventning. Vil med dette takke for årets tur og ynskjer veterangjengen samt Hjørundfjordportalen sine lesarar God Jul og Godt Nytt År.