004b11
Torsdag 5. desember klokka 1000 opnar Strands bakeri på Sæbø dørene både
til kafe og butikk og bakar Daffa(Dagfinn) har julekakene og ferske bakarvarer
klar.

Nydelege julebrød, ferske Hjørundfjordbrød, Ørstabrød, rundstykker, skulebollar og mykje meir - Dagfinn(Daffa) og Kanutte(Nutte) har det meste i butikken.  Og alt er steikt i steinomnen.  Og ikkje ver redd om du har cøliaki, bakeriet har julekaker som er glutenfrie også.

Og bakeriet opnar torsdag 5. desember klokka 1000.   Klokka 10 vert opningstida kvar dag.  Kvardagane stengjer bakeriet klokka 1630, laurdagane klokka 1500.

Mens du ventar på ferja kan du kjøpe deg noko godt i kafeen med ein kopp kaffi til og nyte utsikta mot den nye ferjekaia med Lekneset, Norangsfjorden og Slogen i bakgrunnen. 

Bakeri tømmer 011 copy
Dagen før opningsdagen har Kanutte og Dagfinn litt tid til ein kopp kaffi og litt
julebakst -  og 
kanskje nyte utsikta over Hjørundfjorden.

Dagfinn og Kanutte ynskjer alle velkomne.