Inge vart "Årets Bondaling 2013"

Julefesten 3.-juledag er tida for å sjå bakover i året som held på å verte avslutta og ein heiderspris til ein person, eller personar, som har gjordt ein stor innsats i bygda utan eiga vinning i tankane, vert heidra dersom der er kandidatar. Dette året gjekk prisen til ein som har gjordt ein innsats gjennom ein mannsalder.

Det er Bondalen Frilynde Ungdomslag som deler ut prisen, og i år som tidlegare år, har det vorte ein klar kandidat som har gjordt seg fortjent. Ein kandidat som har gjordt livet enkelt for gardbrukarar, huseigarar, og nybyggarar av alle slag som treng el-teknikk. På sin lune og positive væremåte har han "berre" gjordt jobben og vorte ferdig.Dei fleste el-skap i nye hus i 70 og 80 åra, har denne mannen sin signatur.

Etter at juryeleiarane i nemnda til Bondalen Frilynde Ungdomslag hadde lese opp juryen sin begrunnelse, for at akkurat Inge Aarseth hadde vorte utnemnd, kom kandidaten sjølv på scena.

Årets-Bondaling-2013_1

Inge Aarset er Årets Bondaling. Ein svært stolt, men samtidigt ein ydmyk
prisvinner mottok diplom og glaskunstverk frå BFU til trampeklapp frå salen.
Prisen skal få den gjevaste plassen i stova heime, lova Inge dei to som delte
ut prisen til han.


Juryen sin begrunnelse:


ÅRETS BONDALING 2013

I år, som alle andre år, skal vi i Bondalen frilynte ungdomslag, dele ut prisen Årets Bondaling.

Prisen blir delt ut til ein person som har gjennom fleire år gjort noko ekstra for oss andre som bur i bygda. Og sidan det nettopp er gjennom fleire år, so er det også mulig å komme med forslag gjennom heile året. En treng ikkje vente til slutten av året og risikere og gløyme av heile greia i før- juls stress.

Så tilbake til Årets bondaling 2013…

Eg fant ei fin skildring av denne personen på portalen og har plukka litt der i frå…

«Denne personen har i ein mannsalder vore ein hjelpsam redningsmann for mange av bøndene og andre i bygda med akutte problem» «Han har rykka ut til alle døgnets timar på hasteoppdrag»

Det har aldri vore noko problem å få denne personen til å stille opp på kort varsel, og som regel vart problema fiksa på no time.

Problema eg snakkar om her er av elektrisk art og han har blant anna hjelpt mang ein fortvila bonde med mjølkeanlegg, silotaljer og andre elektriske apparat som har gåttt i stå.

Årets Bondaling 2013 er heile Bondalens sjefselektrikar

Inge Aarseth!

(Les  fleire artiklar om Inge Aarseth på portalen. Klikk her)