Det var hurtigruta MS "Lofoten" som fekk avslutte årets sesong på Hjørundfjorden. Og sjølv om det var eit kjølegare drag i lufta, let turistane som kom i land ved kaihuset på Urke imponere over mykje vatn og nysnøen langt ned i fjella.
![]() |
I dag var der turistar frå m.a. Japan, Austerrike, Tyskland på Urkekaia og dei likte det dei såg i bakgrunnen - dei nysnøkledde Smådalstindane. |
Kaihuset på Urke har også vorte ein samlingsstad for Urkefolket. I dag var sjølvsagt både Kåre Myklebust, Erling Berg, Helge Urke og sjølvsagt sjefen sjølv, Tørbjørn Urke tilstades i den lune og trivelege kafeen. Dorit Rønning, dagens sjef bak disken, hadde både vafler, gulrotkake og andre kaker å byde på i tillegg til koppen med kaffi.
Torbjørn Urke er ein av dei som har jobba mest med mottak av passasjerane frå dei ulike hurtigrutene,var sjølvsagt tilstades på kaia denne siste "hurtigrutedagen" for sesongen. Han vedgjekk at det har vore travelt å ta imot så mange passasjerar i ei lita bygd, men om Urke no hadde gjort si plikt?
- Nei, no er vi i gang med å planlegge neste sesong. Det spørs likevel om vi kan halde fram med dette på dugnadsbasis, men målet må vere å få endå fleire passasjerar i land og at mange av desse kan vere att eit døgn eller to i Hjørundfjorden før dei fer vidare med eit av hurtigruteskipa. - Denne trafikken må skaffe arbeidsplassar i fjorden, slår Urke fast.
Annelin Henriksen, er innleigd som rådgjevar og pådrivar. Også ho lyste i dag av glød og ser framover slik at forholda vert lagde best mogleg til rette til alle som finn vegen til Urke og Norangsfjorden.
![]() |
Torbjørn Urke meiner det skal verte godt med ei lita pause no, men om ikkje lenge er han og dei andre på Urke i gang med planlegginga av neste sesong. |
Kommentarar
Vitjing i den vakre Urke- bygda som høgdepunkt i den vakraste fjorden i verda!