Varsla i god tid

Denne stormen var varsla i god tid og ein fekk og vite om at det skulle bli store nedbørsmengder. Men sjølvsagt går ikkje alt etter planen og vi finn oss sjølsagt i at uvanlege hendingar dukkar opp. Det var vel ingen som kunne forutsjå at raset på Vartdal skulle få slikt omfang.

 

Strømbrudd2

 Slik arta det seg forrige gong og slik skal det vel bli framover og?

(Bileta er henta frå Dagmar-orkanen)

Etter prioriteringsliste?

Likevel må det vere grunn til å minne om at samfunnet ikkje kan ta lett på vegstengingar. Når riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar vert stengde, må det vere eit system som har ansvar og utstyr til å rydde opp. Det er ikkje akseptabelt at ein gong på gong skal oppleve at ein må prioritere etter kva veg som vert stengd, kor mange menneske som vert råka mm. I tillegg må ein kunne informere trafikantane.

 

I vegmeldingane får ein slik opplysning:

Fv 655               

Norangsdalen, på strekningen Lekneset - Tryggestad

Møre og Romsdal - Midlertidig stengt

Stengt på grunn av jordras.

 

Slik står det framleis på vegmeldingane, og slik har det vore meldt sidan laurdag. Møre-Nytt er det einaste organet som på nettsida har meldt at Norangsdalen er stengd. Ingen opplyser kva som har skjedd, kvar det har gått ras og kva omfang det har. Vegsentralen viser berre til gjeldande melding.

Vi som trefte bommen og dei som har dette som sin daglege arbeidsveg, burde få vite noko meir og kor langt oppe eller nede ein var på prioriteringslista.

 

Vi har dessverre Dagmar i friskt minne.

Vi tillet oss å minne om at lovnadene etter at Dagmar herja, gjekk ut på at no skulle alt bli så mykje betre. Eg trur det er nokon som skal ta dette inn over seg og spørje seg om dette ikkje er same leksa nok ein gong.

 

Det hadde vore greit om den/dei som skal syte for informasjon, kunne varsle litt om kva som har skjedd, kvar det har skjedd og kva planar det var for framtidig rydding.

Tillegg pr. fredag, 22.11:

Viser til kommentar nr. 2.

Sjølvsagt har vi full forståing for at situasjonen på Vartdal krev full innsats.

Det skal likevel ikkje vere behov for å dette den eine saka opp mot den andre. Ei veke etter uveret som stengde Norangsdalen, kunne det vere greit å få svar på spørsmålsstillinga om  stoda pr. i dag og kva som vert sett inn for å rydde opp.